Eivind Hasle_2

Ansvarleg ruspolitikk?

Eit kommuneval dreier seg m.a. om korleis ruspolitikken skal førast i lokalsamfunna våre, skriv blant anna Eivind Hasle (SV) (bildet) Surnadal, i dette lesarbrevet. Og ruspolitikken dreier seg om gode og trygge møte- og samværsstader for born, ungdom og vaksne, han dreier seg om fritidstilbod og kultur- og læringsarenaer for heile befolkninga, og han dreier seg om livsstil, helse og levekår både for dagens generasjon og for dei som veks opp.

Kommunen har m.a. fått eit hovudansvar for at Alkohollovas formål blir følgt, der det heiter i formålsparagrafen:

§ 1-1. Lovens formål. Reguleringen av innførsel og omsetning av alkoholholdig drikk etter denne lov har som mål å begrense i størst mulig utstrekning de samfunnsmessige og individuelle skader som alkoholbruk kan innebære. Som et ledd i dette sikter loven på å begrense forbruket av alkoholholdige drikkevarer.

Det er all grunn til å vere bekymra over den måten dei fleste kommunestyra har oppfatta ansvaret sitt dei seinare åra. Det gjeld t.d. tildeling av og tildelingskriteriar for sals- og skjenkeløyve for alkohol, det gjeld opplæring, oppfølging og kontroll av at regelverket blir følgt, og det gjeld vurderingar av samanhengane i lokalsamfunnet mellom t.d. auken i alkoholbruk og veksten i illegal rusmiddelbruk, og samanhengane mellom rusmiddelbruken og veksten i psykiatri, sosialutgifter og rusbehandling . Og ikkje minst gjeld det dei store behova for for betre ettervern og barnevern, og samanhengane mellom rusmiddelbruk og fråfalls- og fråværsproblematikk i utdanning og arbeidsliv.

Actis, Rusfeltets samarbeidsorgan , er ein paraplyorganisasjon for 30 frivillige organisasjonar innanfor rusfeltet, dvs. organisasjonar som er opptatt av alkohol og/eller narkotika, og forebygging, behandling og ettervern. Actis består både av fråhaldsorganisasjonar og av organisasjonar for pårørande og tidlegare russkadde . Fylkesstyret i Møre og Romsdal oppfordrar veljarane til å ha ruspolitikken i mente ved kommune- og fylkestingsvalet 2011. Ein aktiv og kunnskapsbasert lokal rusmiddelpolitikk vil vere til fordel for kvar enkelt kommune og heile fylket.

For Actis,
Rusfeltets samarbeidsorgan i Møre og Romsdal
Eivind Hasle, Surnadal (leiar- til venstre)
Per Arne Lillebø, Sande (nestleiar - til høgre)

For fleire leserbrev kan du klikke på Leserinnlegg på Trollheimsporten.