Amerikansk aften i Trondheim med rindalingar på scenen
Lørdag 25. januar blir det «Amerikansk Aften» i Salem, Normisjon sine lokaler like ved Trondheim Torg. Jo Ranheim, Oldtimers og Jon Gåsvatn/Elvis er klare – ilag med glade amatør-meldalingar!
Amerikansk Aften vart arrangert i Meldal samfunnshus 12 april i fjor. Huset var fullt – ca 350 – og stemninga høg! Rindalingane på scenen – og også eindel i salen – skal ha stor del av æra for at denne kvelden vart så bra!
Oldtimers og Jon Gåsvatn som Elvis
Men det slo også an med meldalingar i nye roller – Arnt Bjørkhaug som Johnny Cash, Arnt Stene som Jim Reeves, Kim Furuhaug som Dolly Parton – og Hans C. Borchsenius som fylte Elvis-rolla i tillegg til Jon Gåsvatn/Oldtimers sitt show.
Arnt Bjørkhaug som Johnny Cash
Arnt Stene som Jim Reeves
Kim Therese Furuhaug som Dolly Parton
Ja, så hadde vi også Bob Dylan – som bur i Levanger, er stril, og heiter Ove Nesbø. Han og Jo Ranheim var veldig bra med «Blind Willy mc Tell» i strilsk versjon!
Normisjon region Trøndelag inviterte oss til å gjenta kvelden i byn, og omtrent alle aktørane som var med sist blir med no også. Dylan sitt oppvarmingsband - Meldal Soul Children – dobler sitt reportoar frå 2 til 4 songar. Alex Owen overtar som Martin Luther King, og den nye organisten på Løkken, Thomas Erlandsen går inn i rolla til Gunnar Bonsaksen ved pianoet.
Det blir, som sist, eit sveip gjennom amerikansk rock/country-historie, vi får blant anna sjå fangen Glen Sherley alias Ingar Stene i Folsom Prison og borgerrettighetsmarsjen i Washington 1963.
Eindel «svisker» frå artistane er med, og eindel gospel. Litt av budskapet vi ønskjer å få fram, er at at skiljet mellom «verdslig» og «kristen» ikkje er slik vi her i landet vaks opp med at det skulle vera….
Aftenen i byn blir om ettermiddagen, kl 15. Vi ønskjer rindalingar spesielt velkomne! Kom gjerne og bli med sjølv om du var i samfunnshuset i april. Byfolka kjem til å selje hamburger og brus, akkurat som i Meldal. See you in town!
HER kan du få kjøpt billettar.
Åshild Sande, for Meldal Normisjon