Alterdukar var tema på Kallastua søndag
Bortimot 40 menneske var samla i Kallastua under ”Ord og tonar” søndagskvelden for å høyre Målfrid Nordhaug kåsere og vise lysbilete av alterdukar frå heile Møre bispedømme. Dette registreringsarbeidet er eit pionerprosjekt i Den norske kyrkja.
Det er berre i vårt bispedømme det har vore gjort slikt registreringsarbeid. Det vart laga eit hefte frå prosjektet. Heftet vart oppkjøpt av den sentrale kyrkjeleiinga og blir utsendt til kyrkjelege fellesråd i heile landet for å stimulere til liknande tiltak. Alterdukane gøymer på ei mengd med kulturhistorie, kunsthistorie, bygdahistorie og kyrkjehistorie. Nokre få namngjevne og ein hær av anonyme kvinner står bak. Vi veit berre om tre karar som har vore med og sauma, og biskop Bernt Støylen slappa av med nål og tråd når det vart for drygt å skrive preiker.
Surnadal Husflidslag med Torunn Nordvik og Marit Jorid Brennskag i spissen stod for utstillinga med ei tylft gamle og nye dukar frå alle kyrkjene i Surnadal.
Klikk på bilda nedafor for å sjå dei større og i serie!