Eysteinmeddata_1024x683

Alle vil høyre om "Finnguten"

-Eg er så forundra over den store interessa rundt denne historia. Finnguten blir så godt motteken, i motsetning til sine forfedre for hundre år sidan, som vart kjeppjaga frå kommune til kommune, seier Eystein Bæverfjord etter framsyninga av filmen om "Finnguten" på Kulturhuset torsdag. Der hadde folk nok ein gong gått mann av huse for å få med seg denne fengslande historia.

 

Eystein Bæverfjord fer rundt med PCen sin og viser filmen om "Finnguten" på Nordmøre. Foto: Norunn Holten

Det var i samband med årets første torsdagstreff på Kulturhuset at "Finngut-filmen" vart presentert for surnadalingane. Nok ein gong viste det seg å vera stor interesse for han. -Eg er så forundra over den store interessa rundt denne historia. Finnguten blir så godt motteken, i motsetning til sine forfedre for hundre år sidan, som vart kjeppjaga frå kommune til kommune. No har han vore motteken med opne armar og fulle hus både i Bæverdalen og Betna, og i dag var det berre eit tital ledige plassar i kinosalen i Kulturhuset, seier filmskapar Eystein Bæverfjord. 

Det er sikkert enno mange som kan tenkje seg å sjå filmen, og det vil bli fleire anledningar. - Ser vi på Finngutens timeplan så er Rindal neste, deretter den årlege basaren til Åsgård UL. Seinare blir det Todalen og Valsøyfjord, så det er travle tider for denne stakkars guten – som var så full av tæring – og som kom ned frå fjellet og fekk husrom på Gammelgjeret i Bæverdalen for meir enn hundre år sidan, seier Eystein Bæverfjord.