Årsfest P1000400 redA

Årsfest for Øye og Ranes sokn

Alle tiders salmekveld

Torsdag kveld hadde eit sekstitals menneske samla seg til årsfest på Surnadal kykjelydshus for å høre på Helge Gudmundsen sin presentasjon av den nye salmeboka, og synge saman med han.


Helge Gudmundsen heiter mannen bak programposten ”Salmer til alle tider” som går på NRK P1 kvar søndagskveld kl. 22.05. Den halvtimen dette programmet varer, samlar det 75 % av alle norske radiolyttarar på alle kanalar – du las rett: syttifem prosent! Torsdagskvelden hadde eit sekstitals menneske samla seg til årsfest på Surnadal kyrkjelydshus for å høre hans presentasjon av den nye salmeboka og synge saman med han. For somme var det kanskje første gongen dei opna den nye brannraude salmeboka. Det vart eit inspirerande møte. I eit friskt maratonløp tok Gudmundsen oss med gjennom eit avgrensa utvalg av salmar frå den gamle salmetradisjonen gjennom smakebitar frå bedehustradisjonen og nye tilskot frå andre kontinent til dei nyaste frå 2000-talet, og avslutta med Erik Bye. Forsamlinga song så det ljoma under kvelvet, jamvel da dei vart utfordra med latinske rytmar i ein salme frå Argentina (NOS 258). Innimellom fekk forsamlinga bakgrunnsopplysningar om salmane og anekdotar frå arbeidet med radioprogrammet. Gripande var det å høre Gudmunsen fortelje korleis han i all hast vart kalla tilbake frå hytta si for å laga ein times salmeprogram to dagar etter massakren på Utøya. Han fortalte om ungguten som hadde overlevd redslene på Utøya og etter programmet ringte for å seie at salmane hadde hjelpt han til å gråte. Ei bestemor som hadde mist barnebarnet sitt, ringte og fortalde at ho hadde gått og kjøpt si første salmebok. Elles fekk vi mange praktiske tips for bruk av boka.

 

Gudmundsen har mange jarn i elden. Før årsfesten for Øye og Ranes sokn hadde han tala til eit halvt tusen landsmøtedeltakarar i Nettverket for Downs Syndrom. Etter salmevandringa i lag med oss laut han skunde seg attende til Trondheim, medan vi andre fekk sjå ein biletkavalkade frå den mangfaldige kyrkjelege verksemda i året som gjekk – frå gudstenesteliv, bispevisitas, barn og konfirmantar på leir og pilegrimsvandring og vakenatt og mykje anna. Etterpå vedtok vi einstemmig å innføre den nye salmeboka. Kva anna kunne vi gjera etter ein slik drivande god presentasjon – og så hadde vi jo alt kjøpt boka!

 

No lagar Gudmundsen ein utvida versjon av ”Salmer til alle tider” i NRK P1+ (DAB-kanal), ein heil times program søndagar kl.20. Da blir det tid til fleire salmeønske frå lyttarane. Ring tlf. 73 88 12 48 eller skriv e-post til salmer@nrk.no og kom med ønsket ditt eller kommentarar. Og vil du vera med og synge salmar, så kom til kyrkjelydshuset på Skei tysdagar kl.18.00. Da er det ”ope hus” ein times tid eller vel så det viss vi er ivrige. Du kan komma så ofte som det passar deg fram til påske.


Tekst: Sverre Hatle

Foto: Vidar Rygh