
Alle helgens dag i Rindal kyrkje
Rindal kyrkje i haustfargar med Knyken i bakgrunnen. Foto: Willy Karlstrøm.
Tekstane som skal brukast:
Preiketekst frå Matteus 5: 5 Då Jesus såg folkemengda, gjekk han opp i fjellet. Han sette seg, og læresveinane samla seg om han. 2 Då tok han til orde og lærte dei:
3 «Sæle dei som er fattige i ånda, himmelriket er deira.
4 Sæle dei som sørgjer, dei skal bli trøysta.
5 Sæle dei audmjuke, dei skal arva jorda.
6 Sæle dei som hungrar og tørstar etter rettferda, dei skal bli metta.
7 Sæle dei miskunnsame, dei skal få miskunn.
8 Sæle dei reine i hjartet, dei skal sjå Gud.
9 Sæle dei som skaper fred, dei skal kallast Guds born.
10 Sæle dei som blir forfølgde for rettferd skuld, himmelriket er deira. 11 Ja, sæle er de når folk for mi skuld spottar og forfølgjer dykk, lyg og talar vondt om dykk på alle vis.12 Gled dykk og jubla, for stor er løna dykkar i himmelen. Slik forfølgde dei òg profetane før dykk.
Lesetekst frå Jesaia 49: 8 Så seier Herren: I nådens tid svarar eg deg, på dagen for frelsa hjelper eg deg. Eg har forma deg og gjort deg til ei pakt for folket for å reisa landet opp att og skifta ut eigedomar som ligg aude,
9 for å seia til fangar: «Gå ut!» og til dei som skal føra dei og leia dei til kjelder med vatn.
Kunngjeringar: Neste gudsteneste i Rindal kyrkje: Lysmesse 4/12 kl.19.30. Neste gudsteneste i Rindal: - Eldresenteret sundag 13/11 kl.11. - Øvre Rindal kapell 13/11 kl.19.30. Dåpsbarn: Mina Melgård Tørset Ofring til Menighetsfakultetet Nattverd Kyrkjekaffi
Salmar: 261, 1-5. O store Gud vi lover deg – OBS: Luthers melodi. 618 – Fylt av glede 244 – Den store, hvite flokk
247 – Hen over jord et pilgrims tog 843 – Eg veit i himmerik ei borg 858 – Å, hvor salig å få vandre