Picasa

Alle har den største furua!

Det er som å måle fisk, sa Morten Gåsvand, når han inviterer til bokslepp på Saga Trollheimen hotell i dag, frem til kl. 18. - Alle legg på litt. I boka "Furukjempene i Trollheimen" er matematikken teke i bruk på jakt etter rekordkjempene.

6.juledag 1988 tok orkanen Langlifuru, som var rekna for det største treet i Rindal. Mykje av den er i dag oppbevart ved Saga Trollheimen hotell. Morten Gåsvand var fascinert over denne store kjempa. Same varme kjenslene hadde naturfotografen for Trollheimen.


Dette skapte ein draum hos Morten. Trollheimen måtte ha den største furua i Norge, og den ville han finne.

Til å hjelpe seg med målinga har han hatt fjellklatraren Lars Inge Harang, no treklatrar (eller trekrypar) og matematikaren Sigbjørn Koksæter. - Sjå øvste bildet!

Resultatet av denne tre år lange jakta vart boka «Furukjempene i Trollheimen» som han viste fram i dag.

Langlifurua var lenge det største treet vi visste om i Rindal. Da den bles ned, var den over 7 m3, men det var berre hovudstammen.

I Wikipedia er Breiskartolla i Vindøldalen den største furua i landet. Les om det her.
No er den målt til 10,10 m3 hovudstamme, med greiner er den 11,80 m3.

Morten Gåsvand kunne fortelle dei som var møtt fram om mange andre store furuer i Trollheimen, og han har funne tre kjemper som var større enn Breiskartolla.

Den største, som no er Norges største furu, er Bjønnafurua i Druggudalen, Meldal. Den har hovudstamme på 12,30 m3, og med greiner er den 14,23 m3. 18.november blir det offentleg markering av dette i Druggudalen.

Tidlegare målte dei store tre i brysthøgde. Morten Gåsvand måler heile treet. Først volumet av stammen, så av greinene. Det kan vere ein halv kubikk berre i greiner. Dette er ein ny målemetode.

Målinga til Morten Gåsvand er langt unna tipping. Fjellklatraren Lars Inge Harang tok mål oppover stammen og utover greinene. Til slutt kunne han stå på den øvste greina og rage over toppen av treet!

Morten fotograferte, og Sigbjørn Koksæter tok imot måledataene frå Lars Inge og sette tala i formlane sine og rekna ut kubikkinnhaldet til dei svære furukjempene. Dette er det også fortalt meir om i boka.

Lars Inge har, i følgje Morten, vore i toppen på alle furuer på over 30 m i Trollheimen. Morten rosa medarbeidarane sine for tolmodet, noko forsamlinga applauderte.

Lars Inge kjente stor skilnad på å klatre i fjell og i tre. Trea er levande skapningar. Når han var høgt oppe i eit tre, kunne han kjenne som eit gufs som fekk armhåra til å reise seg når ha såg nedover og oppover dei svære stammane.

- Det var heilt spesielt å henge slik midt oppe på treveggen, sa han. Han opplevde også å bevege seg utover greiner 9 meter ut frå stammen. Til klatringa valde han seg ut heilt spesielle sko. Dei er nok historias første treklatresko.

Somme går frå hytte til hytte og stirer beint på stigen, seier Morten. Sauesankarane fokuserer på kvite flekker. Rypejegeren ser sitt. Morten Gåsvand går området i sirklar, opplever og fotograferer tjukke stammar og svære tre, men også mykje anna han ser i naturen. Slikt blir det bok av!

Boka inneheld også mange tekster, både fagleg, prosa og dikt.


Klara og Marit Ness var snare til å nyte den flotte boka.

Dette bokverket er ein honnør til Trollheimen og dokumenterer at dei største furutrea i Norge finns i Trollheimen. Med alle dei fine naturbilda frå dalar og høgder i Trollheimen var det nokon av dei frammøtte som var redde for at folk ville kjøpe boka og sette seg i godstolen og nyte den flotte naturen. Andre meinte at reaksjonen på boka ville bli: - Dette må vi sjå og oppleve!

På 3 år laga 3 karar ei bok om tre, og boka er på 333 sider og mesta 3 kg.