
Bøfjorden Historielag melder:
Albumblad og evergreens
Gruppa Hjemmelaget avlegg søndag sitt årlege besøk på museet i Bøfjorden. Kapellmester Peder Hønsvik lovar gjenhør med evergreens og spenstig slagermusikk.
Bildet over: Lærar Arve Bjørnerud og elevar ved Sjøheim skule først på 1960-talet.
Dagens øvrige tema, «Det Gamle Album», fortel kulturhistorie med historiske foto på lerretet. Her opptrer eit rikhaldig persongalleri av kjente og ukjente ansikt - forutan bygningar, båtar og glimt av folkelivet i tider som var.
Arrangør Bøfjorden Historielag håpar også å få opplysningar om fotografia frå publikum i salen.
Kjøkenet har kaffe og noko attåt.

Hjemmelaget – her med Peder Hønsvik (frå venstre), Venke Fredriksen og Espen Wilhelmsen.

Barnelaget «Framhald» i Bøfjorden sist i 1920-åra.

Nothenga på Skrøvsetholmen på 1950-talet.

Husmannsplassen Arnøra på Settem stod til Nordmøre Impregnering overtok tomta rundt 1950.

Mannskapet på Snekkvikbåten «Hjelmen I» i 1920-åra.

Konfirmantleir i Todalen sist i 1950-åra.

Galeas «Ingeborg» var bygd på Tustna.

Bøfjorden historielag er medem i Trollheimsporten.

.png)

