
Aktivitetsdag på Bøfjorden Sjøbruksmuseum
Har du ein hobby du vil dele med andre? Noko du vil lære bort? Eller berre oppleve? Da er Bøfjorden Sjøbruksmuseum rette plass i dag, søndag 28. august kl 13-17. Aktivitets-dagen byr på allsidig program. Randi og Sverre Hatle kjem med diktsamlinga “Å vera her” og dialektboka “Ord te gagns”. Dette blir hovudinnslag i ei lita lokale bokmesse.
Henry Visnes og Birger Bøe vil vise den klassiske Sabb-motoren attmed museet. Inne blir det utstillingar og demonstrasjonar av ymse slag. Kan hende blir det båtliv på sjøen også. Bøfjorden Historielag utfordrar alle til å skape liv på museet denne dagen.Henry Visnes og Birger Bøe vil vise den klassiske Sabb-motoren attmed museet. Inne blir det utstillingar og demonstrasjonar av ymse slag. Kan hende blir det båtliv på sjøen også. Bøfjorden Historielag utfordrar alle til å skape liv på museet denne dagen.
Randi og Sverre Hatle
Plakat til arrangementet lastar du ned her