gave_1024x683

Surnadal Velværesenter 5 år

Aktivitet, sveitte og moro!

Surnadal velværesenter feira 5-årsjubileum med open dag og fullt hus! Både medlemmer og ikkje-medlemmer var ønskte velkomne til gratis trening og utprøving av aktivitetar, og mange slo til på tilbodet. Gratis kake og kaffe lokka kanskje også ein del, medan andre igjen berre ville vise kva senteret betyr for dei ved å vera med å feire dagen saman med drivarane.

Dagleg leiar ved Surnadal Velværesenter, Ann Kristin Bruset, (heilt til venstre) får eit lys i gave frå trufaste kundar, frå venstre Gerd Johansen, Berit Anne Botten Røkkum og Anny Haugen.

Det var mange aktivitetar å vera med på for dei som ville vera med å feire 5-årsjubileet. Det var sett opp tre ekstra gruppetimar, to i familiezumba og ein i såkalla MRL, trening av mage, rumpe og lår. Det var også teikning for barna og spørjekonkurranse. Dessutan kunne sjølvsagt også interesserte få prøve seg på trening med treningsapparat.

Treningssenteret har gjennomgått ei sterk utvikling i løpet av dei fem åra det har eksistert. Til å begynne med hadde dei få gruppetimar, medan dei i dag har 32 for veka. Medlemstalet har også auka jamnt og trutt, og det har blitt stadig fleire andre tilbod tilknytta treningssenteret. I dag er det både akupunktør, naprapat og fotterapeut tilknytta senteret, i tillegg til aromaterapi som Ann Kristin Bruset sjølv driv med. Det har også etter kvart vorte fleire eigarar. I dag er Hedvig Bakken, Anita Gjerstad Lindvåg, Marit Bruset og Ola Dalsegg medeigarar saman med Ann Kristin Bruset.

På jubileumsmarkeringar vil det ofte vanke gåver- slik også i dette tilfellet. Det er mange som sett stor pris på Ann Kristin og det tilbodet ho har gitt i løpet av dei fem åra sidan oppstarten, og som ønskjer å gi uttrykk for det. Tre damer vi møter på jubileumsdagen, har med seg ei gåve som vi reknar med varmar ekstra godt. Det er eit orange kubbelys, og det er ikkje tilfeldig valt. Lyset symboliserer alt Ann Kristin har betydd for dei gjennom åra; nemleg lys og sterk, fargeglad energi! “Det går oppover når du kjem hit. Her får du motivasjon til å ta tak”, seier dei. Dei fortel også at dei alle kjenner seg i sentrum når dei er ved Surnadal Velværesenter: “Vi blir sett”, er dei samde om. Utsegnene til dei tre harmonerer godt med den grunnleggjande filosofien til dagleg leiar ved velværesenteret, Ann Kristin Bruset: “Den positive lov er hjartesaka vår”, seier ho. Det er heile tida kvar enkelt menneske som står i sentrum. Det er det som sjølv rår over seg sjølv og si eiga trening, og til dømes bestemmer kor hardt det skal trenast akkurat den dagen. Treninga skal også gje folk mestring og kontroll over eigen kropp og den tryggleiken og det overskotet dette medfører. Ein må lære å bli glad i seg sjølv, uansett utgangspunkt, for berre slik kan ein bli glad i andre og dermed ha noko å gi andre. Den positive lov tilseier at ein ved å møte omverda på ein positiv måte, også får noko positivt tilbake. “Vi må ta vare på kvarandre!” seier Ann Kristin Bruset, alltid like entusiastisk for det ho brenn for. På Surnadal velværesenter er ingen konkurrentar. Her skal ein berre konkurrere berre mot seg sjølv, og det er jo ikkje alltid den lettaste motstandaren….

Heilt fullt på ekstraparti med familiezumba i anledning 5-årsjubileet.

Ann Kristin Bruset serverte kake til dei som var innom på jubileumsdagen.