Lys

Lysmesse i Rindal kirke

Adventus Dei

Denne søndagen, 2.søndag i advent, var det Lysmesse i Rindal kirke. Konfirmantane deltok med lysprosesjon og tekstlesing. Preika til sokneprest Lene Gåsvatn kan du lese nedafor.


 

Lysmesse-12, Lukas 12, 35-40.

Adventstid… Folkesjela vil ha det til at advent betyr venting. I praksis kan det gjerne vera slik. Me ventar på både det eine og det andre i denne tida.

Adventstid … Latinarane mellom oss veit at det betyr ankomst. Adventus Dei, om eg ikkje tek heilt feil.

Men treng venting og ankomst nødvendigvis bety vidt forskjellige ting? Kan det ikkje like godt vera to sider av same sak?

Høyrer me etter kva Jesus talar om i det som er preiketekst for i dag, kan me gjerne ha både ventinga og ankomsten i mente. Då skal me stå og høyre kva som står lese hos evangelisten Lukas i det 12.kapittel:

Då skal dei sjå Menneskesonen koma i skya med stor makt og herlegdom.

Men når dette tek til å henda, skal de retta dykk opp og lyfta hovudet! For då skal de snart setjast fri.»

Så fortalde han dei ei likning:
«Sjå på fikentreet og alle andre tre! Når lauvet sprett, då veit de av dykk sjølve at sommaren er nær. Like eins veit de at Guds rike er nær når de ser at dette hender.

Sanneleg, eg seier dykk: Denne slekta skal ikkje forgå før alt dette hender. Himmel og jord skal forgå, men mine ord skal aldri forgå. Ta dykk i vare og lat ikkje hjartet dykkar bli sløva av rangel og drikk og sorgene i dagleglivet, så den dagen kjem like uventa på dykk som ei snare.

For den dagen skal koma over alle som bur på jorda. Vak kvar tid og stund og be om styrke til å koma velberga frå alt det som skal henda, og bli ståande framfor Menneskesonen.»

Tek me Jesus på ordet, ser me at han advarer oss. Høyr berre: Ta dykk i vare og lat ikkje hjartet dykkar bli sløva av rangel og drikk og sorgene i dagleglivet, så den dagen kjem like uventa på dykk som ei snare, seier han. Midt inn i våre såkalla juleforberedelsar.

For eigen del er det sorgane i dagleglivet som slit mest. Slik har det alltid vore. Sorgane i dagleglivet – kva går dei ut på?

Sorgane i dagleglivet går vel mest av alt ut på å kunne vera god nok. Me skal vera flinke nok, me skal vera kul nok, me skal halde oss inne med dei rette folka, me skal ha pengar så det held til forbruket me ynskjer oss – men antakeleg ikkje treng meir enn ein brøkdel av, me skal og me skal – og merkar vel lett nok at dess meir me strevar etter å vera såkalla vellukka, dess større blir òg fallhøgda. Eller det Jesus advarande nok kallar for sorgane i dagleglivet.

Så kan me gjerne lata oss utfordre på dette: Kva er viktig, slik eigentleg?

Eg vil tru Jesus treff blink når han seier at det viktige er å sjå teikna i tida og sjå framover mot at han kjem. Han kom som eit lite barn. Og han kjem som Menneskesonen i skya med stor makt og herlegdom.

Kva er viktig? Er det sorgane i dagleglivet med dertil høyrande stresskuldrar og prestasjonsangst? Eller er det viktige at Jesus kjem?

Det skal bli litt av eit syn når han kjem i skya med stor makt og herlegdom. Dei har venta på dette lenge no, dei som høyrer Jesus til. Og stadig har dei late seg muntre opp av kva Jesus seier om som skal skje med den som ventar på ankomsten:

De skal retta dykk opp og lyfta hovudet, for då skal de setjast fri!

Det skulle ikkje forundre meg om me ikkje har eitkvart me treng å bli sett fri ifrå, nokon og einkvar av oss. Alle har me vårt.

Og til oss alle talar Jesus med forhåpning i stemmen: Rett dykk opp og lyft hovudet, for så skal de setjast fri.

Me har så lett for å lata oss kue av tanken på kva som er bra nok, kult nok, dyktig nok og eg veit ikkje kva.

Jesu ord er til for å avbryte oss i denne vår sjølvsentrerte dans rundt oss sjølve. Me kan byrja ganske snart og halde fram med å gjera det: Ta Jesus på ordet, rette oss opp og sjå framtida i møte med glede.

Me feirar snart Jesu ankomst som eit lite barn, født i ein stall og lagt i ei krubbe. Og me har i mente: Denne Jesus skal koma att i herlegdom og ta alle sine til seg.

Me kan gjerne rette oss opp og lyfte hovudet mens me ventar. Om ikkje før, skal me då koma oss fri frå alt som slit på oss no.

Det skal bli tider. Det er me let tanke og sinn fyllast av Adventus Dei – også i adventstida -11.

Ære til Gud og Jesus og Den Heilage Ande som var, er og vera skal èin sann Gud frå æve og til æve.