Actionfylt Romjulscup i Surnadal
Tradisjonen tru arrangerer Surnadal IL Fotball Romjulscup i Surnadal idrettshall fjerde juledag. Cupen er i full gang, og korleis det går ser du her.
14 lag deltek i år i Surnadal IL Fotball sin Romjulscup. I tillegg til frå Surnadal, er lag og spelarar komne frå Rindal, Sunndal, Orkanger, Svorkmo og Meldal for å kjempe om seieren.
Fjorårsvinnar Hovmod, med base i Rindal, deltek ikkje i år. Finalemotstandar frå 2017, Dirty Flirty, har slått seg saman med ein annan rutinert gjeng - Åsskard - under namnet Dirty Åsskard.
Mange straffesparkkonkurransar
I fjor møttest sunndalingane i Rille og Høkkert frå Surnadal i bronsefinalen. Dei to laga har begge vunne turneringa fleire gonger tidlegare, og i år møtest dei to allereie i gruppespelet. Rille trakk det lengste strået og vann 2-1, men begge laga gjekk vidare frå gruppa.
Det var duka for eit nytt skikkeleg prestisjeoppgjer i første kvartfinale, der Rille møtte Ballatasaray. Sistnemnde lag består stor sett av A-lagsspelarar frå Surnadal, og etter uavgjort ved full tid gjekk Ballatasaray vidare etter straffesparkkonkurranse.
I andre kvartfinale møtte Høkkert orkdalingane Rian Farmers, som kanskje var laget som imponerte aller mest i det innleiiande puljespelet. Etter ein jamn kvartfinale måtte også denne kampen avgjerast ved straffesparkkonkurranse, der Høkkert trakk det lengste strået.
Hana tok ein kontrollert 2-0-seier mot Svorkmo-laget Underdog i tredje kvartfinale, medan Dirty Åsskard slo Blomkålkameratene etter ny straffesparkkonkurranse i den siste.
Jamne semifinalar
Ballatasaray og Hana målte krefter i første semifinale, og etter at Hana var i føringa med eit par minutt att, snudde Ballatasaray og vann 4-2 - etter to seine mål av Håkon Sæther.
Den andre semifinalen gjekk mellom Dirty Åsskard og Høkkert, og etter 4-4 etter ordinær tid var det klart for ny straffesparkkonkurranse. Den vann Dirty Åsskard, som dermed kapra den andre finaleplassen.
I bronsefinalen vart det 4-1-seier til Høkkert over Hana. Høkkert donerte premiesjekken for tredjeplassen til barnefotballen i Surnadal IL Fotball.
Resultata i cupen så langt er som følgjer:
Gruppe A:
Rille-Lads FC 4-0
Høkkert-UnReal Madrid 4-0
Rille-Høkkert 2-1
Lads-UnReal Madrid 1-2
Rille-UnReal Madrid 3-1
Lads FC-Høkkert 1-6
Gruppe B:
USA-Oddbjørns Angels 1-2
Ballatasaray-Rian Farmers 2-4
USA-Ballatasaray 0-6
Rian Farmers-Oddbjørns Angels 7-1
USA-Rian Farmers 1-5
Oddbjørns Angels-Ballatasaray 0-7
Gruppe C:
Hana-Redsea 6-0
Hana-Blomkålkameratene 3-2
Redsea-Blomkålkameratene 2-2
Gruppe D:
Dirty Åsskard-Farlig Tversover BK 4-0
Dirty Åsskard-Underdog 6-0
Farlig Tversover BK-Underdog 2-3
Kvartfinalar:
Rille-Ballatasaray 2-2 (1-2 etter straffesparkkonkurranse)
Rian Farmers-Høkkert 1-1 (2-3 etter straffesparkkonkurranse)
Hana-Underdog 2-0
Dirty Åsskard-Blomkålkameratene 1-1 (2-1 etter straffesparkkonkurranse)
Semifinalar:
Ballatasaray-Hana 4-2
Høkkert-Dirty Åsskard 4-4 (2-3 etter straffesparkkonkurranse)
Bronsefinale:
Hana-Høkkert 1-4
Finale:
Ballatasaray-Dirty Åsskard 1-5 (1-1)
Surnadal Idrettslag er medlem av Trollheimsporten