Åsskardfjorden rundt
Åsskardfjorden rundt
Turløpet «Åsskardfjorden rundt» blir komande arrangert for 31. gong. Løpet i det vakre terrenget er eit samarbeidsprosjekt mellom Bæverfjord Idrettslag og Bøfjord Idrettslag.
Arnt Kjetil Bøe i Bøfjord I.L. opplyser at det i år berre er trimklasse – til fots eller på sykkel. – For dei som spring eller spaserer, er løypa rundt 15 kilometer og går stort sett langs fjorden. Syklistane må oppom Settemsdalen og får dermed 2 km lengre tur, seier han.
Starten skjer ved Bøfjorden skule (kl. 10). Ved Åsskard kyrkje, omtrent midtvegs i løpet, er det saftstasjon. Etter innkomst – også ved skulen – er enkel servering.
Arrangørane håpar på godver under arrangementet, men føyer til: - Uansett er «Åsskardfjorden rundt» ei sunn og vakker oppleving, for små og store!
Om om to veker går Blåfjelløpet – da som samarbeid mellom Bøfjord I.L. og Halsa I.L.
Løypa rundt vakre Åsskardfjorden byr på god trim og ei fin naturoppleving.
Trimposten i Osen er populær stans i løypa