Årsmøte i Surnadal heimbygdlag
Surnadal heimbygdlag held årsmøte på Vårsøg Hotell torsdag 27. februar kl 19.00. Årsmøtesaker og bordsete. Torgeir Leivdal spelar og fortel om handboren kunnskap - slåttar og tradisjonshandverk.
Surnadal Heimbygdlag februar 2014
INNKALLING TIL ÅRSMØTE på Vårsøg Hotell torsdag 27. februar 2014 kl.19.00.
Årsmøtesaker med
– årsmelding (vedlagt innkallinga) og rekneskap
– val av leiar og styremedlemmer (Trygve Roaldset, Sverre Hatle og Svein Sæter på val), varamenn, revisorar, ein medlem i valnemnda, utsendingar til årsmøtet i Nordmøre Mållag (Angvika 1. mars) og ev. landsmøtet i Noregs Mållag (Gardermoem 4.- 6. apr.) Sjå på kalenderen og tenk etter om du kan ha lyst til å vera utsending til eit av desse møta.
Møt fram, og har du tankar om vegen vidare for Heimbygdlaget, så del dei med oss andre.
Valnemnda er i arbeid, så ein skal ikkje ottast overraskingsverv.
Det blir matservering, og så får vi vera med på eit kulturprogram: ”Handboren kunnskap – slåttar og tradisjonshandverk”, Torgeir Leivdal spelar og fortel.
Innkallinga går til alle som var registrert som aktive medlemmer i 2012. Har du ikkje betalt kontingent for 2013, så gjer det straks. Er du i tvil om medlemskapen, ta kontakt med kasseraren: Arild Drøivoldsmo, tlf. 71661563 (etter 14.februar) arild.droivoldsmo@gmail.com . Viss du får denne innkallinga i brev, men har e-postadresse, så send ein e-post til sverre.hatle@online.no , så vi kan registrere ho.
Vel møtt!