IMG_1837

Årsmelding for Surnadal Demensforening og Helselag

Surnadal Demensforening og Helselag og Surnadal Pårørandeforenig til Surnadal Sjukeheim er ei forening med stor aktivitet. Årsmeldinga deira for 2013 kan du lese her:

Årsmelding for Surnadal Demensforening og Helselag og Surnadal Pårørandeforeninga til Surnadal Sjukeheim 2013.

 

Styret har vore:

Liv Botten       leiar

Kristin Røen   nestleiar

Marit Foss      sekretær

Borghild Kvande kasserar

Nils P Sylte     styremedlem

Lars Aa. Bævre   styremedlem

Bjørg Garte      styremedlem

 

Revisorar: Ann Oddveig Buskenes og Gunnveig Heggset Røen

Valgkomite: Randi Gipling og Liv Schei.

 

Vi har hatt 5 styremøter i løpet av året.

 

Den årlege Demensaksjonen gikk i år ut, dette pga at årets TV aksjon gikk til Demenssaka. Der var det ein kommunal komite som hadde ansvaret .Vi var med på aksjonen i form av stand og bøsser saman med ordførar Otnes både på Amfisenteret og på Domus. Laurdag var vi saman med den lokale arrangementskomiteen på ei tilstelning i Foajeen på Kulturhuset, der det var lokal underhaldning samt salg av bakels og kaffe, der hadde vi stand med innsamlingsbøsser til inntekt for aksjonen.

 

Vi har hatt eit medlemsmøte. Den 25. april hadde vi besøk av Frode Mo, dagleg leiar for Nasjonalforeninga sitt fylkeskontor i Nord-og Sør Trøndelag. Temaet var helseforebygging,kosthold og fysisk aktivitet.

 

Den 16.mars arrangerte vi saman med Folkeakademiet konsert i Peisestova på Surnadal Sjukeheim.

«Det er sunt og nynne...» med Marianne Kostøl. Surnadal Kulturhus lånte ut gratis lydanlegg. Konserten vart ei triveleg stund saman med beboarane.

 

Den årlege sommarfesten i Sansehagen vart også i år ein suksess. Servering av pølse m/brød, vin, kaffe og is er noko som beboarar og pårørende set pris på. Etterpå vart det dans etter musikk av Moens Trio. Stor stemning!

Demensforeninga har vore med og kosta hospitering for Ann Kristin Tørset ved Mørkved Sykehjem i Bodø. Ho fekk lønn av kommunen, medan vi dekte resten av utgiftene.

 

Slik som tidlegare år har vi rydda i bed og planta blomster i krukker og bed før 17.mai.

Vi kjøper inn godter og vin annakvar veke.

Pyntar med blomster til påske, og ellers i året.

 

Underholdningskveldar prøver vi å få til ca 1 gong pr. måned. Der vi vi takke alle

lokale bidragsytarar som alltid stiller like velvillige opp.

 

Under årets budsjettbehandling i Surnadal kommune, kom det forslag om å kutte ut dagaktivitetstilbodet for heimeboande personar med demens i kommunen.Der sendte vi oppfordring til Surnadal Kommunestyre v/ordfører om å videreføre denne ordninga, da dette er det einaste tilbudet for desse og at dette tilbudet er svær rimeleg i forhold til institusjonsplass som da kanskje kan verta alternativet for desse. Kommunestyret valgte å videreføre ordninga.

 

 

 

Vi har også i år gjeve støtte til forskjellige innkjøp ved Surnadal Sjukeheim. Vi får inn ønsker frå kvar avdeling, og så fordeler vi etter beste evne. I år har vi m.a. kjøpt inn markiser, 2 stk fjernsyn, steketakker til kvar avdeling m.m

Alle beboarane fekk kvar sin julegave, samtidig kjøpte vi inn fleire  batterilys som ser ut som levende lys. Desse er både koselige og brannsikre.

 

Vi har sponsa utflukter til pasienter ved Skjerma avdelinga.

 

På seinhøsten fekk vi forespørsel fra Bente Edvardsen i Amfi Senteret om vi ville være med å arrangere ei mannequeinoppvisning ved Sjukeheimen. Vi stilte opp med bakels,kaffe og likør. Oppvisninga sto beboarane for. Bente hadde også med nokre frå dansegruppa si som sto for underhaldninga. Etterpå kunne beboarane få sjå nærare på klærne og ev. gjera ein handel.

Kjæmpetriveleg ettermiddag. Stor takk til Bente for initiativet.

 

Vi har det siste året motteke betydelege pengegåver.

Da Sørstranda Kvinneforening avslutta foreninga si, fann dei ut at de ville gje overskuddet til Pårørendeforeninga. Beløpet var så stort som kr15000.

 

Litt seinare fekk vi tlf fra Surnadal kjemiske arbeiderforening,Pipelife, om at klubben hadde vedteke å gje kr. 10000,- av klubbkassa til Pårørendeforeninga.

 

Gåver etter gravferder har vi også fått inn i år.

 

Vi har også  i år motteke fleire pengegaver fra firma i bygda, samt den årlege vinkassen fra ein anonym gjevar. Vi skal prøve å bruka dei på gode formål som kjem beboarane tilgode.

Tusen takk til alle sammen!

 

Viser ellers til godkjent og revidert rekneskap.

 

På slutten av året fekk vi ei gledeleg overrasking. Surnadal Demensforening og Helselag vart tildelt  Eldrearbeiderprisen for 2013 fra Eldrerådet i Surnadal Kommune.

Prisen var egentleg eit bilete, men etter vårt ønske så fekk vi disponere pengesummen som vi ville.

Liv Botten og Borghild Kvande vart invitert til julemiddag på NoFo saman med Eldrerådet og Surnadal Pensjonistlag i forbindelse med overrekkinga.

Tusen takk!

 

Surnadal,16.03.2014

Marit Foss
sekretær

 

Bilde: Utdeling av eldrerådsprisen i 2013: Johs Vaag, Borghild Husby Kvande, Liv Botten og Mons Otnes