Årsfest
Kyrkjeårsfesten 2012 for Åsskard er lagt til Betania bedehus i Bøfjorden søndag 11.mars. Dette er kyrkjelyden sin fremste samlingsdag.
Programmet startar med gudsteneste kl. 11:00. Her deltek fungerande sokneprest Leif Endre Grutle og Åsskard Kyrkjekor. Det blir takkoffer til det vellykka misjonsprosjektet i Etiopia som vi har støtta i mange år.
Under årsfesten serverer soknerådet middag og kaffe. Ord og bilete gir tilbakeblikk på aktivitetar med barn og vaksne i 2011. Det blir også orientering om gudstenestereformen, byggjearbeidet ved Åsskard-kyrkja og andre saker. Alle får høve til å drøfte aktuelle spørsmål.
Soknerådet håpar mange vil nytte sjansen til å få med seg både gudsteneste, middag og interessant program på Betania søndag.
Klikk på bilda nedafor og sjå dei større og som bildeserie!