Kleivakvelden 2013
Århundrets 17.maitale
Så måtte vi på Kleiva for å høre tidenes beste 17.maitale, og det av ein politisk flyktning frå Bagdad, var det ein som sa da vi gjekk ned bakken etter Kleivakvelden 2013. Jammen trur eg han hadde rett! Walid al-Kubaisi feira sin første 17.mai i Kristiansand for eit kvart århundre sidan, og der vart han "kjend" med Henrik Wergeland.
Han merka straks ein stor skilnad på feiringa av nasjonaldagen. Der han var vand med militærparadar, møtte han her barnetog. Dei tre fargane i flagget tala også til han med fargane frå den franske revolusjonen, for fridomen i Europa - raudt, kvitt og bått. Så måtte han på biblioteket for å studere Wergeland, 17.mais far.
Han fann ut at Wergeland såg noko vidare på ordet fedreland enn det geografiske. Wergeland kjempa også for å landegrensene skulle vere opne for alle som trong det. Men da måtte dei legge igjen den bagasjen som kolliderte med fridomen ved grensa. Desse tankane tek Walid al-Kubaisi til seg og ønsker alle velkomne til sitt nye fedreland, men ikkje som evig framande. Han seier til dei: Identifiser deg med den fridommen vi nyt i Norge.
Kleivakvelden opna i kjend stil med John Pål Inderberg og Hennings entre med songen Hjelmkonå, før kveldens eminente konferansier fekk ordet.
Ragnhild Lund Ansnes hadde aldri vore på Kleivakveld før, men Kleivakongen Hans Hyldbakk hadde ho vor forelska i mesta like lenge som i mannen Jostein Ansnes.
Første artist på scena var 16-årige Martha Kvendset som framførte Sommerro og Hyllbakks Nordmørsminne akkompagnert av komponisten og John Pål Inderberg.
Dette var den 18.Kleivakvelden og på 17.mai valde Laget Vårsøg å markere det fleirkulturelle ved at hovudtalaren var frå Irak og hovudartisten frå Sverige, og gjestar frå Rossland, Canada – Surnadals nye vennskapsby. Og konferansieren var finnmarking!
Også i år var det skuleborn som las eigne dikt. Både Halsa og Rindal var inviterte i år, men frå Rindal hadde dei fått berre eitt dikt. - Dei er nok flinkare til å spikke ski enn skrive poesi, kommenterte Ragnhild Lund Ansnes, så får rindalingane prøve å motbevise at dei greier begge delene neste år!
Dikta vart godt mottekne. Dei fleste hadde snev av limerick over seg, korte og med ein overraskande slutt.
Trønderartisten Sigurd Julius er aktuell i Trondheim no. Han framførte låtene sine i lag med Bjørn Ola Johansen på steel gitar
Kveldens hovudartist, den svenske gitaristen og visesongaren Gøra Fristorp delte seks nummer med oss til stor fagnad. Han viste tydeleg at han var først og fremst gitarist, men gav oss også bevis på at han er ein dynamisk visesongar. Han tolka både eigne og Evert Taubes viser for oss.
På den multikulturelle kontoen må vi også skrive demonstrasjonen av det australske instrumentet Diger-doo-loop som Martin Einum spela på.
Det vart ikkje mindre multikulturelle av at Henning og John Pål blanda seg inn.
John Pål hadde også i år skrive dikt som han framførte i ekspressfart, men vi fekk godt med oss bodskapen!
Utdelinga av Kleivaprisen har vi omtala på denne sida i Trollheimsporten, men det var også utdelt ein pris frå Kleivafondet. Den gjekk til båthus til kyrkjebåten Hjelmkånnå.
Legg med eit par bilde frå Kleivaprisutdelinga også:
Det var altså Randi Lysø i Surnadal Husflidslag som fekk tildelt Kleivaprisen i kveld.
Ingen tvil: Publikum fekk ein verdig 17.maifest på Kleiva! Avslutninga var som vanleg "Vårsøg":