Årets Avløysar
Under haustsamlinga til Norske Landbrukstenester på Gardermoen denne veka vart Årets Avløysar i dei ulike fylka kåra. Thomas Bolme frå Rindal vart Årets Avløysar i Møre og Romsdal.
Kåringa skjer etter nominering frå brukarar gjennom avløysarkontora, og det var Indre Nordmøre Landbrukstenester som hadde nominert Thomas. Han er avløysar på tre bruk i Rindal no, Austigard Aune (Stein Heggset), Bolmvollan (Torbjørn Amundsgård) og Utigard Bjørnås (Rune Grøtan).
Thomas vart svært overraska over denne æra. Som synleg teikn får han diplom og armbandsur.
Thomas Bolme er 44 år og har vore avløysar sidan 1990, fortel han. Bortsett frå rundt 11 år som forpaktar, har han vore avløysar heile tida.
Vi møtte han ved fjøset til Stein Heggset som er eit av dei siste nyfjøsa i Rindal. Dette blir det første robotfjøset for Bolme. Spent, men ikkje nervøs, var kommentaren hans til det.
Nyfjøset til Austigard Aune ruver godt. Det er møkkjellar under fjøset. Dei tidlegare bygningane inneheld både grisfjøs i to etasjar og kufjøs og skal bruast vidare. Nyfjøset har sjølvsagt mjølkerobot.
Thomas seier at han er svært godt fornøgd med jobben sin og trives med arbeidet. Han har ordna arbeidstid, kanskje i motsetning til bøndene, og han ser lyst på å fortsete i bansjen.
Det er sjølvsagt ei ekstra oppmuntring å få denne utmerkinga, og han takkar dei som har stått bak nominasjonen.
Vi klipper frå grunngjevinga som er sendt inn om han:
Han er lett å spørja same kva tid på døgnet det gjeld, og står og så til rådighet til bønder utenom ringen dersom det trengst.
Thomas er familiemann med kone og to barn. Medlemmene i ringen set stor pris på han både som menneske og arbeidstakar.
Beskrivelse: Pliktoppfyllande, æreskjær, ansvarsfull. Stor kunnskap , og godt lag med dyra. I det heiletatt, kunne ikkje fått ein betre avløysar !!!
Trollheimsporten gratulerer Thomas Bolme med tittelen som Årets Avløysar i Møre og Romsdal.