80. årgang av "Jul på Nordmøre" er i salg
"Jul på Nordmøre" har fylt sin 80. utgåve med mesta 80 sider nytt stoff frå Nordmøre og av nordmørsforfattarar. Og mange av forfattarane er frå nærområdet vårt. Det er Nordmøre og Romsdal Ungdomslag som er utgjevar.
Jul på Nordmøre 2015
80-åringen «Jul på Nordmøre» er absolutt liv laga, skal en dømme etter det fyldige innhaldet årets utgåve kan by på. Sjølv om ungdomslaga på Nordmøre og Romsdal har slått seg saman, er det eit skriftstyre som held nordmørsbladet igang.
- Det har vore svært god tilgang på stoff, fortel Eistein Bæverfjord, som er leiar i skriftstyret for «Jul på Nordmøre». Det viser seg i eit hefte på heile 76 sider!
Ein stor del av stoffet er skrive av forfattarar frå Surnadal og Rindal. Sjølv humra eg godt av minna Liv Løften Bureid hadde omkring ein lokal utgåve av Wilhelm Tell.
Fuglevenner:
Eg vil også framheve stykket «Fuglevenner» av Marita Sæter med fine illustrasjonar og avslutning med at vi må hugse å mate småfuglane! Foto: Marita Sæter/Jul på Nordmøre.
Lars Polden skriv om den gamle kista som hadde hemmeleg romog om hendingar i familien kring kista. Mange her i bygdene har sett filmen «Krigsminne frå Surnadal» som Eistein Bæverfjord har laga. I årets «Jul på Nordmøre» skriv han litt om filmen og tilleggshistorier som dukka opp etter at folk har sett filmen.
Utan forkleining for alle dei andre artiklane nemner vi også julehelsinga frå surnadalsordføraren Lilly Gunn Nyheim, som deler skule- og barndomsminne med oss.
Bladet er i salg i bokhandel og butikkar over heile Nordmøre. God lesing!
OleT