knut bergli maria kvendset bergli marit bruset michal heimlund liv dalsegg 690

Surnadal Sparebanks årlege gåveutdeling:

77 000 kroner til gode Todalsformål

Under Surnadal Sparebank si årlege gåveutdeling tysdag, vart ein totalpott på 300 000 kroner delt ut til allmennyttige føremål til drift og utvikling i Surnadal kommune.

Torsdag var representantar frå Todalen, nærare bestemt for Toåa tursti, Todalen IL og Todalen grendalag, på besøk hos Surnadal Sparebank. Der mottok dei ein sjekk på til saman 77 000 kroner, som symbol på det banken støttar prosjekta deira med.

– Vi fekk inn veldig mange gode søknadar i år, blant anna desse gode søknadane til Todalsformål. For oss er det viktig å bidra med det vi kan, seier marknadssjef i Surnadal Sparebank, Liv Dalsegg.

Knut Bergli og dottera Maria Kvendset Bergli var på plass frå Todalen IL, og Knut fortel at idrettslaget set stor pris på støtta frå banken:

– Todalen IL har eit kjempegodt samarbeid med banken, som bidreg med stort sett alt vi driv med. 

I denne gåvetildelinga fekk idrettslaget midlar til fire tiltak: utstyr på Bordholmen, naturklatrepark, innkjøp av snøfres og støtte til utbetringar av skihytta.

– Anlegga våre treng oppgradering, så tilskota trengs. I vinter har Bordholmen vorte måka for hand, og det har vore store snømengder, så pengar til fres kjem godt med. I tillegg har vi Tjønnmyra, der støtta går til klatrepark mellom skiløypene, seier Bergli.

– Når det gjeld skihytta er den brukt gratis av medlemmane i idrettslaget, medan den vert leigd ut for kostpris til andre. Mellom anna brukar Nordmøre Folkehøgskule hytta ein del. Men det trengs utbetringar, som mellom anna eit skikkeleg aggregat, som støtta frå Surnadal Sparebank skal vere med på å finansiere, seier Michal Heimlund.

– Eit fantastisk tiltak

Han representerer og Toåa Tursti, som er blant gåvemottakarane frå Todalen. 

Prosjektet er ein 1450 meter lang tursti langs elva, der delar skal vere universelt utforma. 

– Vi vil gjere det enklare for folk med bevegelseshemmingar, rullestol eller barnevogn å oppleve elv og fiske. Om lag frå kyrkja til Båthøl'n vil det bli universelt utforma, og det skal settast opp ein gapahuk med rampe, slik at vi får til ein god fiskeplass, som er tilgjengeleg for alle. Ikkje alle kan springe på fjellet, seier Heimlund.

Han fortel at ein allereie er godt i gang med rydding av sti.

– Det vert gjort ein kjempestor dugnadsinnsats, og alle grunneigarane har vore velvillige. Truleg kjem vi i gong med maskinarbeid til hausten, seier Heimlund, og legg til:

– Dette skal vere eit anlegg for heile Surnadal kommune, ikkje berre Todalen. Toåa Tursti skal komme alle til gode.

– Toåa Tursti er eit fantastisk tiltak, som heile kommunen får stor glede av, seier Liv Dalsegg.

liv dalsegg maria kvendset bergli 690.jpg
Maria Kvendset Bergli takkar marknadssjef Liv Dalsegg så mykje for støtta Todalen IL og dei andre organisasjonane i Todalen fekk under gåveutdelinga.
 

Vil skape bulyst

Todalen Grendalag var og blant gåvemottakarane, og Marit Bruset fortalte at grendalaget jobbar aktivt for mellom anna å behalde skule og barnehage, gjennom eit prosjekt som skal skape bu- og tilflyttingslyst. I tillegg driv dei med krattrydding.

– Og så lagar vi den finaste julegata, ler ho.

– Prosjektet med å sikre at Todalen er ein attraktiv plass å bu er kjempeviktig. Dersom vi skal behalde barnehage og skule, må vi få folk til Todalen. Og skal vi få folk til Todalen må dei, naturleg nok, ha lyst til å flytte dit og bli buande, seier Knut Bergli.

– Grendalaget har eit positivt fokus på utvikling av Todalen, og eg er generelt veldig imponert over det enorme engasjementet vi har i grendene våre. I Todalen er det utan tvil fullt av ildsjeler, seier marknadssjef Dalsegg.

– Ja, organisasjonslivet i Todalen er veldig levande. Ein kjem langt med mange gode ildsjeler, men samtidig er ein heilt avhengige av velvillige sponsorar. Difor er det at vi får hjelp frå Surnadal Sparebank når vi treng det gull verdt for oss, seier Bergli, medan Marit Bruset seier seg einig.

– Pengane betyr sjølvsagt mykje, men i tillegg er gåvetildelingane ei anerkjenning av alt arbeidet som vert lagt ned. Det er hyggeleg å bli lagt merke til, og det gjer at det blir lettare for oss å få med fleire frivillige. Alle har lyst til å vere med på noko som får ord på seg for å vere positivt, seier Heimlund.
 

Her er heile lista over gåvemottakarar:

Amigos
Bele Grendalag
Bedehussvingen Lekeplass
Bekkerhagen Vel (Husby Vel)
Betania bedehus
Bæverhall
Bø Grendalag
Bøfjorden grendalag
Bøfjorden historielag
Gløna Vel
Grytå Vel
HLF (Hørselhemmedes forening)
Høgmoen vel
Indre Nordmøre forsvarsforening
Indre Nordmøre Fjordhestlag
Indre Nordmøre Senioruniversitet
Jubilate Barnekor
Korsen Grendahus
Kreativt Forum Surnadal
Kvendset Lekeplass
Løvik Grendahus
Myrvang Forsamlingshus
Møre og Romsdal Bygdeungdomslag
Nordmøre Brigadeforening
Pårørendeforeninga for Surnadal Sjukeheim
Pårørendeforeninga for utviklingshemma Surnadal
Sagatun grendahus
Skeisnebba Veiforening
SKUV
Slektsforum for Indre Nordmøre
Stangvik grendalag/bondehuset
Stangvik Historielag
Stangvik Småbåtlag
Surnadal Amcarklubb
Surnadal Demensforening og Helselag
Surnadal Folkedanslag
Surnadal Helsesportlag
Surnadal Husflidslag
Surnadal IL Turn
Surnadal Jeger og Fisk
Surnadal Kunstforening
Surnadal langrenn Klubbhus
Surnadal MC klubb
Surnadal Normisjons "besøkteneste"
Surnadal og Rindal Revmatikerforening
Surnadal Pensjonistlag
Surnadal RC klubb
Surnadal Røde Kors
Surnadal Seniordans
Surnadal Søndagsskolelag
Surnadalsøras Velforening
Toåa Tursti
Todalen Båtforening
Todalen Grendalag, bygdeutviklingsprosjekt
Todalen IL Utstyr Bordholmen
Todalen IL Naturklatrepark
Todalen IL Snøfres
Todalen IL Skihytta
Todalen Historielag
Todalen.no
Todalen Sanitetsforening
Torvik Sanitetsforening
Trollheimen Ride og Kjørelag
Tømmerhaugen Velforening
Valsøyfjord pensjonistforening
Vindøldalen velforening
Vox sangkor
Øverbøgdrevyens barneteater
Øvre surnadal Sanitetsforening
Øvre Surnadal Bygdekvinnelag
Øvre Surnadal Skytterlag
Øvre Surnadal søndagsskule
Øye og Ranes Sokneråd, messehakel
Årnes Grendahus