50 færre surnadalingar i 2018
Under gjennomgangen av Surnadal kommune si årsmelding på formannskapsmøtet tysdag, informerte rådmann Knut Haugen om at folketalet i Surnadal var 5 928 ved årsskiftet. Det betyr at det vart 50 færre surnadalingar i løpet av fjoråret, noko som er det svakaste nettotalet sidan 2009.
1. januar 1965 vart Åsskard kommune og Stangvik kommune, minus Ålvundfjord og Åsprong-Sandnes, innlemma i Surnadal kommune.
På det tidspunktet hadde Surnadal 3 534 innbyggjarar, Åsskard 1 014 og dei delane av Stangvik som vart del av Surnadal 1 386. Det gav nye Surnadal kommune eit folketal på 5 934, og sidan har folketalet stort sett vore høgare.
Toppnivået var, ifølgje Statistisk Sentralbyrå, 6 514 i 1988, og frå 1976 til 2009 var folketalet 6 000 eller høgare.
Berre tre gonger har talet våre lågare enn ved samanslåinga i 1965. Første gong var i 1972 (5 929 innbyggjarar), andre gong i 2013 (5 927).
Tredje gong var altså ved inngongen til 2019.
– Nedgongen har sannsynlegvis litt med at ein del flyktningar er ferdige med introduksjonsprogrammet og då flyttar frå bygda. Hovudforklaringa ligg der, det viser nettotalet for innflytting, som er på minus 43, seier rådmann Knut Haugen.
Talet på netto innflytting har vore i pluss sidan 2012, då kommunen starta med busetting av flyktningar.
I 2018 vart det fødd 46 nye surnadalingar, noko som er det lågaste talet sidan kommunesamanslåinga. Talet på fødde har vore relativt stabilt på rundt 50 dei siste ti åra. I toppåret 1967 vart det fødd 111.
53 personar i kommunen døde i fjor, noko som gjev eit fødselsunderskot på 7. Talet døde er det lågaste sidan 1970 (50), og det nest lågaste sidan kommunesamanslåinga i 1965.
– Få døde gjer at nettoen ikkje blir så aller verst, seier Haugen.
Foto: Statistikk, aldersfordeling i Surnadal per 1.1.2019, Statistisk Sentralbyrå.