Folkekyrkja på sitt beste!
4 dåp og 4-årsbok
Det var ekstra mykje folk i Rindalskyrkja siste søndag før påske! 230 mennesker var der og opplevde fire barnedåpar og at 4-åringane fekk si eiga kyrkjebok.
Dei fire dåpsborna var Ildri Grytbakk Heggem, Peder Sande, Olai Fosseide Bjørnås og Magnus Løften.
Trusopplæringsmedarbeidar Elsa Jensvold og soknerådsleiar Kjellaug Foseide delte ut 4-årsboka til alle dei 4-åringane som var møtt fram.
Elsa Jensvold heldt preika om Jesus og den blinde Bartimeus med bruk av flanellograf
Salt & Pepper deltok med vakker song, og fleire fekk pøve seg som solistar.
Både 4-åringar og andre barn fekk vere med Salt & Pepper på ein av songane
Etter gudstenesta var det servert kaffi, saft og brød.
Resten av denne fine søndagen var det nok mange som oppheldt seg ute. Slik såg Løfaldfjella ut frå "Kirkebakken" i dag.