Bent Vidar Holten Ole Ivar Andersen Ronny Kvande_690x512

25 veker i nyttig praksis

I løpet av eit skuleår har elevane på vg1 bygg- og anleggsteknikk på Surnadal vidaregåande skole heile 25 veker i praksis. Bent Vidar Holten er for tida utplassert i Pre-Bo Bygg AS, og er svært godt fornøgd med opplegget som skulen og praksisplassen tilbyr.

Pre-Bo Bygg AS er eit av mange byggfirma i Surnadal som gledeleg tek i mot praksiselevar. No er firmaet i full gong med bygging av nytt dagsenter på Sommerro, og Bent Vidar Holten, er så heldig å få vere med på byggeprosessen. - Her trivst eg kjempegodt, og får ei nyttig erfaring som eg ikkje ville ha fått med berre teoretiske fag. Eg lærer utruleg mykje av praktisk arbeid, seier Holten.

Bent Vidar Holten_690x574.jpg

 

Ole Ivar Andersen og Ronny Kvande i Pre-Bo Bygg AS ser eit aukande behov for fagarbeidarar i åra som kjem.

- I vårt distrikt er det mange tømrarar i alderen 50 - 60 år. Det er derfor svært viktig med rekruttering til byggfag. Eg veit at tendensen er den same på andre områder, så behovet for fagarbeidarar generelt blir berre større og større, seier Andersen.

Leiar for Indre Nordmøre Opplæringskontor, Gøril Bakken, kan fortelje at det aldri er problem å skaffe læreplassar for byggelevane.

– Så langt har alle som har ønskja seg læreplass etter vg2 byggfag, fått ønsket sitt oppfylt, seier Bakken som har ei viktig oppfordring til elevane.

- Arbeidsplassane legg særleg stor vekt på god karakter i kroppsøving og at fråværet er lågt. Det er nyttig informasjon som du som elev bør merke deg.

Bakken er full av lovord om arbeidsplassane som tek i mot praksiselevar og lærlingar i distriktet vårt.

- Det er svært mange dyktige faglege leiarar på arbeidsplassane, så elevane er sikra ei god opplæring, seier Bakken.

Det skriv Surnadal vgs på si heimeside www.surnadal.vgs.no

Bent Vidar saman med kontaktlærar Johan Almås:

Bent Vidar Holten Johan Almås_690x518.jpg