17.mai i Rindalskirka
Dåpsbarnet Birk Flåtten kjem heilt sikkert til å hugse dåpsdagen sin og feire han kvart år framover.
Lene prest hadde i går møtt ein flokk skuleungar som plukka søppel etter oss i Rindal sentrum. Det skulle ikkje vere nødvendig.
Preiketeksta handla om den bortkomne sauen og den bortkomne mynten. Da såg Lene prest for seg ein rindalsbonde med eit lam over skuldrene frå ei avisside.
Ingen er for liten og ussel for Guds rike, sa ho.
Lene prest sa ho ville minne oss på to ting denne dagen:
1. Slutt å kaste søppel som andre må plukke opp!
2. Det går an å høyre til i Guds rike!
Salt & Pepper gledde oss med 4 songar, mellom anna Vidar Sandbecks Menuett i mai, og organist Daniel avslutta gudstenesta med Brudemarsj frå Løddingen.
Klikk på bilda nedafor og sjå dei større og som bildeserie!