17. mai i Øvre Surnadal
Om lag 45 bilar var med i biltoget frå Mo Oppvekstsenter rundt øverbygda til plassen framfor Røv Mølle. Folk sto langs ruta med flagg og vinka til biltoget. På Røv parkerte bilane framom Mo Skulekorps.
Dei spela fem marsjar og Gud signe vårt dyre fedreland før dei avslutta arrangementet med Ja, vi elsker. Eit fint arrangementet på trass av omstenda. Takk til alle som deltok!
Tekst og foto: Jo Bjørnar Fiske, på vegne av arrangørane