
17. mai i Bøfjorden
17. mai i Bøfjorden startar med tog og musikk korps, melder Lars Magne Bæverfjord. - I år gjekk toget frå skulen til Betania bedehus på nordsida av fjorden. Det var god oppslutning om toget i år og sjølv om det såg litt skummelt ut med tanke på regn så vart det rimeleg fint.
Tekst og alle bilde: Lars Magne Bæverfjord.
Klikk på bilda, så blir dei større, og du kan klikke i høgre delen av bildet for å vise neste bilde - kjøre bildeserie!
Klikk på bilda, så blir dei større, og du kan klikke i høgre delen av bildet for å vise neste bilde - kjøre bildeserie!

Bøfjorden sin einaste heimeverande Russ, Kennet Haarstad her saman med Mari Bøe som var ansvarleg for naturstien laga av Røslyngen 4H.

Ved Åsskard kyrkje er det tradisjon å legge ned krans på grava til Gunnar Bøe som fall ved slaget i Gratangen 25. april 1940. Gunnhild Bøklep Bøe la ned krans og held takke tale til minne om dei omlag 10 personane som var med i kampane mot nazistane.

Jo Lasse Bøe og Håkon Bøklep fant ut at det var meir morro å løpe hand i hand enn å konkurrere på 60 meter.

Årets 17. mai talar Liv Berit Ansnes Brustadhaug. Ho fortalde om korleis besteforeldra skildra frihetskampen for 70 år sidan, samhaldet mellom Bøfjordingane og dugnadsånda og kor flinke Bøfjordingane er i å ta vare på sin kultur. Ho nemde også at det i år er 40 år sidan dagen skule i Bøfjorden vart bygd. Ho uttrykte glede over det gode oppvekst miljøet Bøfjorden har å tilby dei som kjem flyttande til bygda.

Barnehagen markerte at dei har 10 års jubileum i noverande bygg med eigen song skreve av Inger Lise Heggem.