17. mai-feiring i Surnadal

I år blir det ekstra stor 17. mai-feiring i Surnadal, i anledning 200-årsjubilumet for Grunnloven. Alle barna i kommunen er invitert til å gå i jubileumstog i Surnadal sentrum. Lilli Husby i Surnadal kommune og leiar i jubileumskomiteen Lilly Gunn Nyheim håpar på eit langt og flott jubileumstog.


Surnadal kommune er arrangør av jubileumstoget i sentrum. Alle elvar i skulane har fått invitasjon, og kan melde seg på. Påmeldingsfristen er utvida til fredag 2. mai. Frå grendene går det bussar til oppstillingsplassen på idrettsplassen på Øye. Kommunen tek da ansvar for transporten av elevane, i samarbeid med klassekontaktane. Barnehagebarna i kommunen er og inviterte til å gå i toget, på lik linje med skuleelevane, men dei må gå saman med foreldre.
 

Lilly Husby og Lilly Gunn Nyheim_690x534.jpg

Lilli Husby og Lilly Gunn Nyheim håpar på eit langt og flott jubileumstog i Surnadal sentrum.

 

Oppstilling til jubileumstoget er på idrettsplassen på Øye kl 12.30. Det er viktig at alle møter opp til rett tid, for å finne sin plass i toget. Det er ikkje høve til parkering på bussplassen eller idrettsplassen, så ein må parkere rundt omkring. Toget går presis kl 13.00. Her er det viktig å halde tidsskjema. Det blir flaggborg med 8 flagg ved jubileumskomiteen. Surnadal hornmusikk og skulekorpset er med i toget.


Jubileumstoget går til Surnadal kulturhus, og her vil ordføraren og russepresidenten gratulere med dagen. Leiar i jubileumskomiteen Lilly Gunn Nyheim held hovedtalen. Her vil ho bl.a. tale om grunnlovsjubileet. Vi skal markere at det er første gong vi feirar 17. mai etter at vi tok imot flyktningar i Surnadal, sier ho. Det er og første gongen heile kommunen er invitert til felles 17. mai-feiring i sentrum.


Bussane med skuleelevane går i retur kl 14.30. Da kjem elevane tilbake til dei tradisjonelle feiringane i grendene ca kl 15.00. I nokre av grendene går feiringa som vanleg, andre markerar litt ekstra i år. Elevane er lova gratis is som ein premie for å gå fint i jubileumstoget. Men sidan det ikkje blir tid til dette på 17. mai er det utsett til kongebesøket 22. mai. Da vil det bli gratis is til alle barna.
 

Lilly Gunn Nyheim berømmer alle aktørar som har vore velvillige og tilpassa seg for å få tidsskjemaet til å gå opp 17.mai. Ikkje minst har vi hatt eit godt samarbeid med kyrkjekontoret, for at flest muleg av gudtjenestene skulle bli ferdig før oppstillinga av jubileumstoget, seier ho.


Alt ligg dermed til rette for ei flott jubileumsfeiring i Surnadal på nasjonaldagen!