Fasteaksjon 1_1024x759

Fasteaksjonen i Surnadal og Rindal:

120.000 til Kirkens Nødhjelp

Med 118.884 kroner innsamla til Kirkens Nødhjelp vart tysdagens fasteaksjon i Surnadal og Rindal ein kjempesuksess. Uteståande ofringar og andre gåver vil bringe summen over 120.000. Konfirmantane gjorde storparten av jobben, med god hjelp av foreldre ved bilrattet og soknerådsfolk som la alt til rette.

Vellykka aksjon i Åsskard: Konfirmantane representert ved Ragnhild Bele (frå venstre), Tore Andreas Engset Sollid og Håkon Bergset. Bak sjåfør Reidar Bele og soknerådsleiar/bøsseberar Turid Sættem Eggen.

Grei gjennomføring
Rapportane fortel om grei gjennomføring, trass i lange avstandar rundt i bygdene og dårleg ver.

– Publikum tok vel imot oss. Mange stod klare med pengegåva når vi ringte på! seier fleire av bøsseberarane.

Ved tilbakekomsten til stasjonane vanka det pølser, brød og drikke. Mange merkar seg at nettopp ved deira innsats blir store ting utretta der Kirkens Nødhjelp, vår mest kostnadseffektive hjelpeorganisasjon, brukar midlane. Ein 100-lapp rekk til treplanting som avgrensar ørkenspreiing. 200 kr gir døgnreinsing av vatn til 25 personar.

For 400 kan ein heim i Bangladesh sikrast mot flaum. Ei kvinne i Afganistan får utdanning og levebrød som syerske for 1000 kr. Og midlane frå Åsskard kan eksempelvis bli til komplett vassanlegg for ein stor skule i Kenya! (Eksempel frå Kirkens Nødhjelp.)

Svært imponerande er resultatet på heile 33.702 kroner i Rindal.

Men også frå dei andre sokna er det flotte tal å rapportere:
Åsskard 12.208,50
Mo 9.662,00
Todalen 9.389,00
Stangvik 10.918,00
Øye/Ranes 43.103,50

Tekst og foto: Bernt G. Bøe - KN-kontakt i Åsskard

Pølser og kake gjorde godt for sjåførar, stab og bøsseberarar etter kveldsøkta. Frå venstre Reidar Bele, Turid Sættem Eggen, Grete S. Settemsdal, Randi Vetleseter Bøe og Ragnhild Bele: