
12 skulefrøkner og ein Bad teacher
- Vi er ikkje så ”bad”, seier lærarane.
- Likevel var det ein morosam film. Den er humoristisk og handlar om yrkesgruppa vi er i.
Lærarane ville sjå denne filmen saman fordi han viser ein humoristisk vri på arbeidet deira, og for å gå ut og ha det artig saman, utanfor jobb.
Filmen handler om læraren Elizabeth (Cameron Diaz) som bryr seg fint lite om elevane, og enda mindre om kollegaene sine.
Elizabeth er nydumpa av sin rike forlovede, så ho er villig til å gjere det mest komiske for å finne ein ny mann som har mykje pengar.
"Bad teacher" blir vist på Surnadal kulturhus denne veka.
På bildet: Vigdis Rodal, Randi Husby, Sigri Livik, Guro Elise Mogstad, Sissel Lysø, Gunhild Anne Hyldbakk, Ragna Vold Gjeldnes, Liv Pauline Bele, Kjersti Mahle Brøske, Ingjerd Aasen, Ingeborg Møkkelgjerd Dale og Marina Kvendset Fiske.
Tekst/foto: Elise Einum