10 av 12 for Surnadal i semifinalen
Surnadal Ungdomsskule sitt lag i Klassequizen kopierte sin eigen poengsum frå dei innleiande rundane under semifinalen, som vart sendt torsdag ettermiddag. No ligg laget relativt godt an med tanke på å kapre ein plass i fylkesfinalen.
34 skular i Møre og Romsdal deltek i år i NRK sin store quizkonkurranse "Klassequizen".
Surnadal er blant skulane som kom seg gjennom dei innleiande rundane og kvalifiserte seg til semifinalane. Der kjempar dei med seks andre skular om fire plassar i fylkesfinalen i mars.
Det var Magnus Sæter, Synnøve Aukan Meisingset og Amund Pihl-Strand som representerte Surnadal i semifinalen torsdag, og det starta veldig bra for trioen.
I første kategori, "Flam", vart det spørsmål om mellom anna flamingoar og flamenco-dans, fekk surnadalingane tre av tre rette.
Laget følgde deretter like godt opp med tre nye poeng i kategori 2, "USA", der dei mellom anna svara rett på kva nummer i presidentrekkjefølgja Donald Trump er.
I tredje kategori, tre, "Sjak-", vart det to poeng av tre mulege, der den einaste bommen var på spørsmål om kva husdyr sjakalen er i slekt med.
Avslutningsvis vart det to av tre og i siste kategori, "John", der laget i løpet av dei 30 sekunda dei har til rådigheit per runde ikkje fekk ned rett svar på spørsmålet om kven som har laga songen "Candle in the Wind".
Totalt enda surnadalslaget på 10 poeng av 12 mulege, og sjølv om dei innrømte overfor quizmaster Roar Halten at dei var litt bitre for at dei ikkje kom på svaret på det siste spørsmålet før etter at tida var gått ut, var dei greitt fornøgde med eigen innsats.
– Eg tykkjer vi gjorde det bra. Vi kunne kanskje gjort det endå litt betre, men eg er fornøgd med innsatsen vår, fortalte Magnus Sæter til Halten på lufta.
Surnadal var fjerde semifinalist ut, av totalt sju, og så langt står Nordlandet med 11 poeng, Atlanten med 10 poeng og Eide ungdomsskole med 7 poeng.
Det betyr at surnadalingane ligg godt godt an med tanke på å kapre ein av dei fire plassane i fylkesfinalen. I dei innleiande rundane var det ingen av dei 34 skulane i fylket som fekk meir enn 10 av 12 rette.
Dei tre siste semifinalane, frå Halsa, Eidsvåg og Vatne, vert sendt på NRK P1 Møre og Romsdal henhaldsvis 4.-, 5.- og 6. mars.
Magnus Sæter, Synnøve Aukan Meisingset og Amund Pihl-Strand utgjorde Surnadal sitt lag i semifinalen.