– Veldig positivt for kommunen
Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi), offentleggjorde onsdag at dei oppmodar 235 norske kommuner til å busetje totalt 5 350 flyktningar i 2019. Surnadal er oppmoda til å busetje 15 av dei, Rindal 0.
– Vi er veldig positive til oppmodinga, og eg kjem i tilrådinga mi til kommunestyret i Surnadal til å gå for å takke ja til henvendinga frå IMDi om å busetje 15 flyktningar i 2019, seier rådmann Knut Haugen.
Han fortel at kommunen har svarfrist 15. februar, så IMDi si oppmoding skal opp i kommunestyret i det første kommunestyret i det nye året.
– Flyktningane er positive bidragsytarar i kommunen vår, på alle mulege måtar. Dei løftar og folketalet vårt, og trengs som arbeidsfolk i åra framover - spesielt innan pleie og omsorg. Vi håpar så mange som muleg blir buande i Surnadal og på lang sikt, seier Haugen.
Frykta 0 - fekk 15
På førehand hadde det kome signal på at veldig få flyktningar skulle busettast i 2019, og Surnadal var difor førebudde på at talet i oppmodinga like gjerne kunne vere 0.
– Vi var veldig spente, og at IMDi no oppmodar oss til å vedta busetjing av 15 flyktningar neste år er kjempepositivt for oss, seier Haugen, og fortsett:
– Eg trur det har vore lagt stor vekt på at vi har hatt veldig gode resultat på å få flyktningar ut i arbeid og på skule, og vi har fått veldig gode skussmål for dei gode tenestene vaksenopplæring og integreringseininga vår leverer.
Rådmannen vil orientere formannskapet om oppmodinga onsdag kveld.
Som venta for Rindal
Totalt oppmodar Integrerings- og mangfoldsdirektoratet altså til busetjing av 5 350 flyktningar på landsbasis i 2019, 150 av dei einslege mindreårige. 235 kommunar har blitt oppmoda om å busetje flyktningar, men Rindal er ikkje blant dei.
Rådmann Berit Reisch fortel at dette er heilt som venta.
– Det er sagt at små kommuner ikkje skal ta imot flyktningar denne runden, så det er inga bombe for oss. Vi vil nok få spørsmålet igjen dersom det totale talet som skal busetjast aukar, men slik det er no er det såpass strengt at denne oppmodinga er heilt som venta, seier Reisch.
Rådmann i Rindal, Birgit Reisch, fortel at oppmodinga frå IMDi, der Rindal ikkje blir bedne om å busetje flyktningar i 2019, var heilt som venta (Arkivfoto).