
- Uhaldbart og fordummande lesarinnlegg
“Hold hodet kaldt, og hjertet varmt”. Det er blant dei kloke og gode oppfordringane musikaren Don Martin (Martin Raknerud) kjem med i Dagbladet 26. juli etter dei ufattelege tragediane i Oslo og på Utøya fredag. Ei som allereie har demonstrert at ho verken kan eller vil halde hovudet kaldt og hjartet varmt, er Dordi Skuggevik Tande.
Skuggevik Tande sitt lesarbrev i Driva måndag under tittelen “Attentat mot Arbeiderpartiet” osar av fordommar. Det demonstrerer også eit menneskesyn som strir mot det som alltid har vore viktig å kjempe for: Mellommenneskeleg forståing, toleranse, demokrati, diskusjon basert på fakta, openheit og erkjenninga av at vi som menneske alle er like mykje verdt – uavhengig av hudfarge, religion og nasjonalitet.
Med det diffuse begrepet “islamiseringen av Norge” som argument, prøvar Skuggevik Tande å generalisere på ein uhaldbar og fordummande måte. Ho prøvar å tilleggje store grupper felles eigenskaper og haldningar, i staden for det soleklare faktum at vi alle er sjølvstendige individ.
Skuggevik Tande har i lesarbrevet formuleringar som “…Arbeiderpartiet har ikke forstått hvor sterkt raseriet i folkedypet har etablert seg, også i deres eget parti” og “Arbeiderpartiet har sluppet løs islam i Norge. Derfor ble de målet for dette attentatet…”.
Dette er både smaklaust og ein direkte hån både mot islam og det demokratiske Norge. Terrorangrepet var ikkje retta berre mot Ap, men mot alle dei verdiane vårt menneskeverd og demokratiske system er basert på.
Høgrepopulistiske parti har i generasjonar prøvd å byggje makt på å spreie frykt og mistenkeleggjere menneske og kulturar dei ikkje kjenner. Dette skal vi aldri godta. Organisasjonar og enkeltpersonar som er med på å nøre opp under fordommane, skal vi møte med fakta og debatt. Vi skal vise at vi aldri gir opp den fredelege kampen for det gode i menneska.
Eivind Hasle skal ha ein stor takk for sitt lesarbrev på Trollheimsporten måndag, der han gav eit presist, direkte og velformulert svar til Dordi Skuggevik Tande.
Eg vil også gje mi fulle støtte til Hasle når han skriv at Skuggevik Tande sitt lesarinnlegg er ein hån mot Kleivaprisen som ho mottok i vår.
Bjørn Tore Brøske