- Tusen takk te Trøndelag
Overskrifta kom på melding frå ein glad bilist, og det er nok mange som er glade for asfalteringsarbeidet som starta på Mjøhølvegen idag. Fram til 18. juni skal det leggast nytt dekke på heile Fv6164 Mjohølvegen, Rindalsvegen og Bjergvegen i Rindal.
Asfalteringsarbeidet fører til at ein må rekne med ein del forseinkingar på strekninga, men slik vegen var no, så er nok alle trafikkantane glade for den kvalitetshevinga vegen får!
Det er sett opp ledebil, så vent på den.
Farten er nedsett til 50 km/t. Ta omsyn til arbeidarane, og følg også manuell dirigering.
Arbeidet foregår frå kl.07.00 til 21.00.