Skei - Kulturhuset_350x215

- Trafikkfarleg ved kulturhuset

Stenginga mellom Vårsøg hotell og Surnadal Kulturhus fører til farlege situasjonar for Nettbuss og passasjerene. Ola Holten ved Nettbuss Møre har ifølgje Driva fått henvendingar frå sjåførane på rutebussane mellom Møre og Trondheim om kva dei skal gjere når det hopar seg opp mange bussar på haldeplassen ved Surnadal kulturhus søndag kveld.



I 19-tida er det minst fire bussar på plassen samtidig, og når dei får ekstrabussar i tillegg, kan det bli så mange som sju bussar med passasjerar som skal inn på busshaldeplassen i Svartvassvegen mellom kulturhuset og Landbrukshuset, skriv driva.no.

Vanlegvis har bussane høve til å stå på begge sider av kulturhuset, men no er miljøgata mellom Vårsøg hotell og kulturhuset fysisk stengt på grunn av anleggsarbeid.

Ola Holten fortell at dei har fått informasjon frå Surnadal kommune om at gata kom til å bli stengt i kortare og lengre perioder. Han spør likevel om det ikkje kunne gå an å åpne gata til helga, når det ikkje føregår arbeid der. Det er fredagskveldar og søndagskveldar som er dei kritiske tidspunkta for Nettbuss.