- Situasjonen er svært alvorleg
Etter innkjøp av nye patruljebilar i fjor opplever politiet i Møre og Romsdal ei svært pressa økonomisk situasjon med fleire millionar i underskot. Det skriv NRK på nett i dag. Politimeister Arnstein Nilssen og stortingsrepresentant Jenny Klinge uttrykkjer si bekymring for innstrammingar og politireforma.
Foto: Lena Høyberg, NRK.
– Eg har vore i politiet lenge, men eg har aldri opplevd ein så pressa økonomi som vi har akkurat no, seier Nilssen til NRK.
Nordmøre og Romsdal politidistrikt sitt igjen med eit underskot på fleire millionar etter at dei måtte kjøpe seg nye patruljebilar i fjor.
– Dei nye bilane var ei nødvendigheit. Bilparken vår var i elendig stand og måtte bli rusta opp. Det var rett og slett nødvendig, seier Nilssen.
Han meiner at situasjonen no er svært alvorleg.
– Vi må stramme inn på reiser, overtid og halde stillingar ledig, seier Nilssen.
Les heile saka på NRK sin nettstad.
Fryktar for framtida til lensmannskontora
Jenny Klinge som representerer Senterpartiet i Stortingets justiskomite, fryktar at den pressa økonomien kan føre til auka sentralisering i politiet.
Når politireforma skal gjennomførast kan konsekvensane bli færre lensmannskontor, trur Klinge.
– Sentraliseringspresset er stort nok frå før av, og forsøka på å legge ned lensmannskontor kjem til å vere der, seier ho.
Klinge fortel at Sp ønskjer å behalde nærpolitiet og meiner det er viktig å sikre dei lokale lensmannskontora.
– Då må vi sørge for at politiet får god nok økonomi til å gjennomføre prosessen med politireforma på ein god måte, seier ho.
Arkivfoto.