Demensaksjon i Rindal
- Romundstadbygda kjem til å gje mest
- Romundstadbygda kjem til å gje mest, sa ei russejente, - for der er dei så gavmilde! Denne veka får alle husstandane i Rindal besøk av Linn Solem Røen (bildet) og alle dei 21 rindalingane som er russ ved Surnadal vgs dette året. Da gjeld det for dei andre delane av bygda å gjere russejenta sin spådom til skamme!
På bildet over får Linn Solem Røen innsamlingsbøssa si til Demensaksjonen av ledar på Rindal Frivilligsentral, Anni Karlstrøm.
Her er 20 av dei 21 rindalsruss som du får besøk av med innsamlingsbøsse til Demensaksjonen denne veka.
Åtte av russen har sertifikat og kan kjøre rundt sjølv. Resten kjører moped, sykkel eller blir kjørt av foreldre, men dei kjem! Alle såg ut til å vere glade for å ta del i denne aksjonen.
Dersom du ikkje får besøk denne veka, så ser du kva du kan gjere på bildet ovafor!
Aud Gunvor Helgetun frå Rindal Demensforening fortalte om aksjonen og om sjukdommen demens før bøssene vart utdelt.
Demens er ein sjukdom som kjem av kronisk svikt i hjernen. Hjerneceller blir ødelagt. Det foregår mykje forsking på demens, men enda har dei ikkje komme fram til nokon kur som verkar. Den sjuke blir berre verre og verre. Demens forkortar livet.
Alzheimer er den mest kjente forma av demens. Den fører til dårleg korttidsminne og svikt i språket. Daglege gjeremål vert vanskeleg, og somme endrar personlegdom og veremåte. Det blir verre å ta vare på seg sjølv. Dei fleste ender på institusjon for å få den hjelpa dei treng i kvardagen.
Du kan lese meir på nettsida til Nasjonalforeningen for folkehelsen.