Oppdatert med video:
– Noko må gjerast
Det som starta som ein fin, solfylt ettermiddag enda med snø- og isflaum i hagen for Håkon Solem og dei andre fastbuande rundt brua ved Glønaelva på Glærum.
– Eg kom heim frå jobb rundt klokka halv fem, og laga middag som vanleg. Medan eg sat og åt såg eg ei gravemaskin komme køyrande, fortel Håkon Solem.
Då han reiste seg for å sjå kva gravemaskina gjorde der, var det litt av eit syn som venta 30-åringen.
– Det var is og snø overalt, og eg såg Axel Skuggevik, som eg hadde sett var ute med traktoren for å renske unna litt snø. Han var heilt omringa av all isen og snøen, og traktoren han satt i måtte altså gravast ut med gravemaskin, seier Solem.
Video: Håkon Solem.
Tredje gong på kort tid
Dagens hending var tredje gong sidan 1. juledag Solem og naboane opplever at hagar, garasjar og kjelarar blir invadert av elva.
– Eg såg den valdsame snøflaumen ta bilen til Håkon, og heile elva oppover er jo heilt stappfull av snø og is. Dette må gravast opp, seier Arne Garthe, og legg til:
– Naturkreftene rår ein ikkje med, dessverre.
Kona Anne-Sofie Johansen Garthe slår fast:
– Det var mykje betre då det var kaldt!
Store isblokker i hagen
Håkon Solem fortel at han har vore i kontakt med vegvesenet, som rundt klokka 18.00 kom med ny gravemaskin for å rydde snø og is frå hagane som er hardast råka av flaumen.
– Dei har teke på seg ansvaret, og eg veit det er planer om utbetringar, og det er bra. Det må gjerast noko, rett og slett, seier han, før han oppdagar fleire isblokker som ligg under verandaen hans.
– Eg håpar berre det ikkje har vorte øydelagd bjelkar, seier Solem.
Bilen hans er flytta omtrent opp på verandaen, og store isblokker i hagen vitnar om at det er sterke krefter som har vore i sving.
– Og eg som tenkte for meg sjølv at dette var ein så fin og solrik ettermiddag, seier Solem, med eit tappert, galgenhumoristisk smil.
Her kan du lese Trollheimsporten si sak frå oversvømminga same plass 5. januar i år.
Her kan du sjå Håkon Solem sine eigne bilete frå is- og snøflaumen.
Vegvesenet var i gang med rydding av snø og is rundt klokka 18.00 onsdag.
Det var ikkje akkurat små mengder snø og is som inntok nabolaget ved brua over Glønaelva på Glærum onsdag ettermiddag.
Her ser vi ein del av hagen til Håkon Solem. Til venstre i biletet er bilen hans, som opprinneleg stod parkert mange meter lenger til venstre.
Også under verandaen til Håkon Solem låg store isblokker.