«- No blir det likar»
Endeleg startar asfalteringa i dalføret! Først blir det flekkasfaltering på Mjohølvegen. Seinare held arbeidsgjengen fram med liknande operasjonar rundt om her. Fv65 kjem seinare.
Det er Ålesundsfirmaet Lillerovde, underentreprenør for Veidekke, som utfører arbeidet. Ei anna gruppe frå same firmaet skal utføre asfalteringa av Fv65, men det blir seinare i haust, og det er berre delstrekningar som skal asfalterast.
Det er mange maskiner som skal til for å utføre dette oppdraget.
Alle som kjører Mjohølvegen til Rindal sentrum kjenner humpene på toppen av denne bakken. No blir i alle fall halve vegen betre. Kanskje det går ut over veksten av dekorasjonar på garasjeveggen i bakgrunnen?
Først må utstyret klargjerast.
Asfaltkanten blir påført lim slik at den nye asfalten skal feste seg.
Asfaltleggaren får påfylt asfalt frå lastebil. Deretter blir asfalten lagt jamnt utover vegen.
Gutta i røyken! Den varme asfalten legg seg fint utover. Overgangen blir pussa med handmakt.
Til slutt blir den valsa hardt, jamn og fin.
- No blir det likar!
Flekkinga held fram, og her er limet sprøyta utover for å legge på eit forsterkingslag med asfalt.
Denne arbeidsgjengen held altså fram med flekkreparasjon av fylkesvegar i både Rindal og Surnadal.