hovedbilde

– Mykje betre enn vanleg skule

Engasjerte elevar ved Surnadal ungdomsskule får denne veka prøve seg som båtbyggarar i  opplegget "Båten og menneske".

Denne veka har Surnadal ungdomsskule besøk av "Båten og menneske", eit kulturformidlingsprosjekt i regi av musea i Møre og Romsdal.

I dette opplegget får elevane vere med og byggje ein snidbotna båt, og får dermed prøvd seg med ulike verktøy og teknikkar. Bakgrunnen for "Båten og menneske" er tanken om at båten fortel historia om menneska som har budd langs kysten, og Trollheimsporten var med då elevane i 9EF ved Surnadal ungdomsskule prøvde seg som båtbyggjarar tysdag ettermiddag.

Opplegget vart leia av båtbyggjar Douglas Wilmot, opprinneleg frå Oregon i USA, og formidlar Tore Bugge Pedersen. Dei to skapte god stemning blant entusiastiske elevar, og viste stort engasjement og kunnskap rundt historia om bygging av trebåtar i Noreg.

IMG_6998.jpg
Douglas Wilmot (t.v.) og Tore Bugge Pedersen klarte å engasjere niandeklassingane ved Surnadal ungdomsskule tysdag.


Praktisk matematikk og praktisk arbeid

– Vi håpar at dette opplegget kan vere ein inngang for elevane, slik at dei har lyst til å halde på med praktisk arbeid og kanskje til og med båtbygging. Vi ser at interessa for tradisjonell båtbygging er på veg opp, seier Wilmot.

Han er ansvarleg for sjølve båtbygginga, som gjekk føre seg i gymsalen, og rosar elevane for arbeidsiver og godt humør.

– Enkelte klarar seg utmerka, andre bryr seg nok litt mindre, smiler han, og legg til:

– Vi ser med ein gong kven som er vande med å hjelpe til med praktisk arbeid heime.

I løpet av den halve skuledagen klassa følgjer opplegget, lærer elevane mykje både innan samfunnsfag og matematikk. Gjennom forklaring om korleis båtane tidlegare var bygd via kroppsmål, samt bruk av brøkrekning med tønner, gjev "Båten og menneske" ei praktisk tilnærming til matematikkfaget.

– Vi prøvar å vise korleis ein brukar matematikk i praksis, båtbygging er frå gammalt av mykje brøkrekning. Ved å vise det på denne måten får elevane sjå samanhengen mellom formlane i matteboka og korleis ein kan bruke dei til dagleg, seier Tore Bugge Pedersen.

– Ja, det er mykje større sjanse for at elevane hugsar til dømes formelen for utrekning av volumet av ein sylinder no, seier Magnar Holten, som og var i full sving med båtbygging tysdag.

IMG_6970.jpg
Etter at elevane hadde rekna ut volumet av bøttene, skulle Ole Moe Stensønes (f.v.), John Magne Våbenø, Jonas Avset, Mia Settemsdal og dei andre samarbeide om å sette saman ein modell av ein båt, med rette delar av båten på rette plassar.
 

Ivrige elevar

Han fortel om ein lydhør gjeng elevar, som var ivrige etter å få prøve dei ulike aspekta ved båtbygginga.

– Dei har fått prøve både borring, bruk av øks og klinking av boltar og liknande. Samtidig verkar det som om dei tykkjer det er spennande å lære meir om lokale tradisjonar, så elevane er stort sett positive, seier Holten.

Niandeklassing Andreas Roaldset bekreftar at Pedersen og Holten sine inntrykk stemmer.

– Det er artig å få vere med på å byggje båt. Dette er mykje betre enn vanlege skuletimar, seier han, omtrent utan å ha tid til å ta pause i båtbygginga.

Wilmot og Pedersen skal ha opplegget "Båten og menneske" fram til og med torsdag, og elevane jobbar ein halv dag kvar. Opplegget er eit tilbod i regi av Kultursekken i Møre og Romsdal, og dekkjer mellom anna kompetansemål under område som historie og geografi.
 

IMG_6944.jpg
Andreas Roaldset og dei andre niandeklassingane engasjerte seg stort i båtbygginga.
 

IMG_6936.jpg
Kaja Sofie Kvande og Anne Rodal i aksjon.

 

IMG_6941.jpg
Torgeir Bøklepp og Magnar Holten.

IMG_6946.jpg
Johannes Bergheim (f.v.), Daniel Lund Paulsen, Narutchai Buengklai, Andreas Roaldset og Douglas Wilmot med den snidbotna båten. 

IMG_6981.jpg
Elevane i 9EF fekk lære både historie, matematikk og praktisk handverk i løpet av dei tre timane dei jobba med opplegget "Båten og menneske".