Bernt G. Bøe mottok Kongens fortjenestemedalje
- Jeg blir bare stum!
Det blir ei helt vanlig Jonsvake, trodde nok primus motor for Jonsvaka i Åsskard kyrkje Bernt G. Bøe. Lite visste han om at han skulle gå derfra med Kongens fortjenestemedalje. Rett før kaffen stjal surnadalsordfører Lilly Gunn Nyheim showet og tildelte ham medaljen. Da ble han tom for ord.
Det er ikke tilfeldig at akkurat Jonsvaka er valgt som "åssted" for utdelinga, ettersom det er medaljemottakeren som er opphavsmann og primus motor for dette viktige kulturarrangementet som ble arrangert for 34. året på rad.
Her settes medaljen på! Senere vil Bøe bli invitert til Det Kongelige Slott for mottagelse.
- Jeg vil prøve å takke med musikk senere i kveld, sa Bøe etter medaljepåsettinga.
Etter "avbruddet" i kvelden, fortsatte programmet med midnattskonsert der "Folketonemesse fra Todalen" og Vivaldis "Gloria" stod øverst på programmet.
Utdrag fra begrunnelsen:
"Bernt G. Bøe er ein allsidig personlegdom og ruver på mange felt. Om det er skulemannen og folkepedagogen, musikaren og korleiaren, kyrkjemedarbeidaren, brubyggjaren og føregangsmannen, forteljaren og forfattaren, kåsøren og språkmannen, historikaren og kulturformidlaren, journalisten og samfunnsmennesket, dei store evnene, dei allsidige kunnskapane, det utrøyttande pågangsmotet eller den uvanlege arbeidskapasiteten som imponerer mest, er ikkje godt å seie.
Bernt G. Bøe har gjort ein samfunnsinnsats langt over det vanlege både i stillingar og verv han har hatt, og i frivillig innsats, der yrkesinnsats og frivillig innsats går over i kvarandre i heildøgns arbeidsdagar året rundt.
Bernt Gudrunson Bøe har gjennom sitt arbeid frå tidleg ungdom, både i lønna stilling og i frivillig innsats, fremja kulturlivet i heimbygda si, kommunen sin, og vidare på Nordmøre i eit omfang og med ein intensitet som er heilt uvanleg for eit enkeltmenneske å vinne over.
Drivkrafta i denne innsatsen ser ut til å vere rein idealisme. Dei store evnene og arbeidskapasiteten har han ikkje nytta til økonomisk vinning, heller ikkje til å vinne posisjonar eller ære, men til å gje sambygdingane sine i alle aldrar kjennskap og kjærleik til kulturelle verdiar og gode opplevingar. At han i dette arbeidet har involvert og hatt med på laget både eigen familie og eigne sambygdingar, gjer verdien enda større. For denne ueigennyttige innsatsen fortener han i høgste grad ein medalje."
Utenom Målprisen fra Nordmøre Mållag har Bernt Bøe fått Kuliprisen fra Nordmøre Historielag, Surnadal Sparebank sin utviklingspris for sitt varierte kulturarbeid, i tillegg til Kleivaprisen fra Surnadal kommune.
Tidligere på kvelden viste Bernt uovertruffen formidlingsevne og engasjement med bildekåseri om toner og dikt fra Nordmøre, og dessuten et tablå hvor Karen Oddny og Sigfred Gravvold dramatiserte hvordan det kunne gå for seg da Edvard Bræin var ute og samla inn lokale toner.