- Godt grunnlag for komande sesong
Søndag formiddag var det klart for første kamp i treningsturneringa mellom fire seniorlag i handball i Surnadal Idrettshall. Laga som deltok i turneringa var Surnadal, Rindal (5.div), Rival og Sunndal.
Over: f.v. Reidunn Kristine Grytbakk, Marit Grytbakk (Rindal 5.div), med Elise Einum og Oda Bredesen (Surnadals damelag).
Første kamp blei spelt mellom Surnadal og Rindal og enda etter 40 speleminutt 17-11 til heimelaget.
Mari Vattøy som er trenar for damelaget i Surnadal og som inviterte til treningsturneringa, er kjempefornøyd med at Sunndal, Rindal og Rival ville delta, då dette er lag som dei ikkje møter i serien. Etter deira første kamp i turneringa mot Rindal meiner ho å ha fått svar på treninga dei har lagt ned.
- Eg er stort sett fornøgd med korleis kampen mot Rindal gjekk. Vi har fått svar på treninga vi har lagt ned i forkant, etter å ha trena godt og lenge. Så eg meiner vi har eit godt grunnlag for komande sesong, men det er bra det er endå ein månad før sesongen verkeleg byrjar, smilar Mari.
Trenaren føler ho har eit luksusproblem når det kjem til antal spelarar på laget. Med så mange ivrige damer kan det vere utfordrande å fordele speletid til alle, så her gjelds det at spelarane grip sjansen når dei får den. Utover sesongen er ambisjonen hennar å utvikle kvar enkelt spelar og unngå nedrykk slik som det var fare for i slutten av fjorårets sesong.
- Vi har trua på laget og komande sesong. Mari er vår nye trenar og ho er kjempeflink! Ho har ei god plan og veiledar oss godt, fortel Elise Einum og Oda Bredesen som er to av spelarane på Surnadal.
Fyrste kamp saman
Rindal 5.div er eit handballag beståande av damer i alle aldrar og som har stor fokus på idrettsglede. Etter kampen mot Surnadal er dei godt fornøgd med innsatsen, då det tross alt er første gongen dei spelar saman. Med ein månad til sesongstart håpar dei forma kjem seg, men det største målet gjennom sesongen er å halde fram med rekrutteringa og ikkje minst ha det utruleg artig ilag, fortel nokre av damene på laget.
Sjå alle resultater her (Sunndal måtte trekke seg frå siste kamp mot Surnadal, så her var resultatet satt til 10 - 0 til Surnadal).
Tekst og foto: Siri Sylte Heggset.