8. mars-markering i Surnadal:
– Folk må velje utradisjonelt
Talarane ved årets 8. mars-markering i Surnadal var skjønt samde om at kvinnedagen i aller høgste grad framleis trengs. – Det er framleis klare forskjellar mellom menn og kvinner, sa Annett Ranes frå talarstolen.
Fredag var snaue 30 tilhøyrarar oppmøtt for å delta på 8. mars-markeringa ved Surnadal kulturhus. Arrangørar var Folkeakademiet, Senterungdommen, Senioruniversitetet og Surnadal Arbeiderparti.
Else Brandvoll Andresen frå Folkeakademiet ønska velkommen, før Carla Van Buggenum-Vermeer song Dolly Parton-låta «Love is like a butterfly». Van Buggenum-Vermeer avslutta og arrangementet, då med «Tomorrow» frå musikalen «Annie».
Ordførarkandidat Annett Ranes frå Surnadal Arbeiderparti var først på talarstolen.
Ho la vekt på at kvinner framleis ikkje tener like mykje som menn, for likt arbeid, og at av leiarstillingane i landet er det tilsett kvinner i berre ein tredel.
– Det er framleis klare forskjellar mellom menn og kvinner, og vi har ikkje nådd alle likestillingsmåla våre, sjølv om vi har hatt likestillingslov i 40 år, seier Ranes, som og kom med kritikk mot regjeringa Solberg sine ferske innstrammingar i abortlova.
Ranes fortalte at ho trur det må ei endring til, i kultur og fordommar, både blant menn og kvinner, dersom ein skal styrke likestillinga.
– Langt frå all diskriminering er bevisst, mykje ligg i fordommar og kultur. Det er små og store ting i kvardagen vi må vere meir bevisste på, for å komme eit skritt vidare.
Ordførarkandidaten understreka at vi i Noreg er komne langt når det gjeld likestilling.
– Vi bur i eitt av verdas beste land, og har demokrati og velferd. Ein av grunnane til det er at vi har høg sysselsetjing blant kvinner, seier Ranes, som avslutta slik:
– Den kampen som har vorte kjempa skal ikkje gløymast. Samtidig må vi sjå framover og løyse dei utfordringane som framleis eksisterer.
Fryktar folk tek for gitt at kampen er vunnen
Neste talar var Eivind Hasle frå Senioruniversitetet. Han kalla talen sin «Me skal koma, um inkje so braadt», lånt frå Ivar Aasen.
Hasle gjekk mellom anna gjennom kvinneandelen i kommunestyrene i Noreg gjennom historia, der 2015-tala frå Møre og Romsdal viste at 38 prosent av kommunestyrerepresentantane i fylket er kvinner.
– Her har det skjedd noko opp igjennom tida, og det er interessant at dette har ein klar påverknad på kva saker som vert løfta fram i politisk samanheng.
Eivind Hasle hevda at vi no lever i ei tilbakeslagstid.
– Mange ønskjer å reversere kampar som tidlegare er vunne, om likestilling generelt og abortlova spesielt. Eg fryktar altfor mange, både menn og kvinner, tek for gitt at likestillingskampen er vunne.
Etter Hasle sitt innlegg understreka konferansier Andresen viktigheita av at alle deltek i kampen for likestilling.
– Det er viktig at og folk i senioralder deltek i likestillingskampen, og hjelper til med å endre inngrodde tankar om kjønnsroller.
– Vi må gjere forskjellane mindre
Sondre Ormset steppa inn som talar på kort varsel då partikollega Elise Brøske frå Senterpartiet måtte melde forfall. Han innleidde med å slå fast at verda hadde stoppa opp utan kvinner.
– Vi er eit nokså likestilt samfunn, men framleis er det kulturelle og samfunnsmessige forskjellar mellom kvinner og menn. Dette er ikkje medfødde forskjellar, men forskjellar kulturen har drive fram. Vi må gjere desse forskjellane mindre, det vil samfunnet tene på, sa Ormset frå talarstolen.
Han understreka viktigheita av at vi alle rådar kvarandre til å tenkje litt utanfor boksen, og velje utradisjonelt.
– Berre 1/6 av norske aksjeselskap er leidd av kvinner. Sjølvsagt er det fleire kvinner enn det som er eigna til å vere leiarar. Her må vi alle legge til rette for at kvinner kan velje utradisjonelt, sa Ormset, og fortsette resonnementet sitt:
– Det at folk vel utradisjonelt trengs. Det skapar likheit, som igjen skapar tillit. Og tillit driv samfunnet vårt framover på best muleg vis. Meir likestilling i arbeidslivet vårt vil berre styrke det.
Han avslutta med å stille tilhøyrarane eit spørsmål:
– Kva går vi glipp av på arbeidsplassar som er sterkt dominert av eitt kjønn?
Ormset sin påstand var at ein då går glipp av mykje.
– Og nettopp difor er det viktig at vi tenkjer på kva vi alle kan gjere, for å få kvinner og menn til å velje utradisjonelt, når det gjeld utdanning og yrkesval.
Else Brandvoll Andresen frå Folkeakademiet losa publikum fint gjennom arrangementet.
Carla Van Buggenum-Vermeer og ordførar Lilly Gunn Nyheim.
Eivind Halse fryktar at både kvinner og menn tek for gitt at likestillingskampen er vunnen.
Ella Bolme (t.h.) frå Surnadal Arbeiderparti administrerte loddsalet under 8. mars-markeringa.