- Fint løpever
Mange andre hadde nok ønska betre ver under landevegsløpet Lina Roindt i Rindal i dag! Likevel overhørte vi kommentaren " - Fint løpever, frå ein av dei eldste løparane! Vinnar i konkurranseklassen vart Ola Martin Gåsvær (bildet) frå Ranheim på 35,59.
Ola Martin Gåsvær fortalde til konferansier Tor Jarle Bolme at han stila mot OL 2028 som er i Los Angeles.
Det var dårleg vervarsel for denne søndagen, men deltakinga var god trass i det.
Det var 24 deltakarar i konkurranseklassen, totalt 202 deltakarar medrekna trimmarane. Dei kunne velge mellom 3 løyper: Lina Roindt på 10,8 km, Midt-Lina på 6,7 km om Sunna-brua og Litj-Lina på 3 km til Sunna etter gangvegen og Elvepromenaden.
Sjå resultata i konkurranseklassane her på Rindal ILs nettsider!
I Trimklassen var det deltakarar både på to og fire, på hjul og i kvilestilling.
- Det var fint løpever! sa Rolf Karlsen frå Hitra Løpeklubb.
Full fart over Sunnabrua på Midt-Lina!
Blir det seier i Skolecupen og pizza på klassen tru?
Svaret ser du på Rindal IL Friidretts Facebookside!
Startfeltet i konkurranseklassen var tett!
Kristi slo mor Berit Fugelsøy første gongen ho sprang Lina Roindt!
Rolf Karlsen kan reise heim med nye hagemøblar!
Talgø hadde gitt et hagemøbelsett (2 stoler+2puter+1 bord) som gavepremie. Dette skulle trekkast mellom løparane i konkurranseklassen. Kravet var at vinnaren måtte vere tilstades under trekkinga. Elles ville det bli omatt-trekking! Rolf Karlsen frå Hitra Løpeklubb vart trekt ut som vinnar.