– Eit tema alle har nytte av å lære om
24. september held lærar og forfattar Kjellrun Ulven Woxen foredrag om mobbing på arbeidsplassen. Foredraget er i regi av Surnadal Bygdekvinnelag og Surnadal Folkebibliotek, som håpar foredraget kan hjelpe mange.
– Mobbing på arbeidsplassen er eit aktuelt tema, og foregår nok fleire plassar enn folk er klare over.
Det seier Anne Skjeggestad, biblioteksjef ved Surnadal folkebibliotek.
Saman med Surnadal Bygdekvinnelag arrangerer dei temakveld om det dei meiner er eit veldig viktig tema.
– Mobbing generelt, og i denne samanhengen på arbeidsplassen, kan øydeleggje eit menneske. Det er og gjerne skambelagt å snakke om, noko som kan gjere det endå meir utfordrande for dei som vert utsett for det, seier Anne-Sissel Mogstad, leiar i Surnadal Bygdekvinnelag.
Det er Mogstad si eldste søster, Kjellrun Ulven Woxen (76), som kjem til Surnadal for å halde foredrag tysdag 24. september. Ho har skrive bok om temaet, «Svik – en historie om mobbing på arbeidsplassen».
– Viktig med åpenheit rundt temaet
– Kjellrun skreiv boka nærmast som terapi for sin eigen situasjon, der ho opplevde å bli mobba på arbeidsplassen i kvardagen. Så det å skrive boka og få ned tankane hjalp henne i ein tøff periode, og ho ønskjer å bruke eigne erfaringar til å hjelpe andre, seier Mogstad, og fortsett:
– I foredraget vil ho snakke om kva mobbinga har gjort med henne som menneske, og snakke om kjenslene rundt det å bli mobba. Ho er oppteken av at folk på arbeidsplassane må tørre å gi støtte til dei som opplever mobbing.
– Det er ingen tvil om at mobbing på arbeidsplassen kan øydelegge mykje for folk, ein mistar fort sjølvtilliten heilt, seier Anne Skjeggestad, og får støtte frå Bygdekvinnelag-leiar Mogstad:
– Det er rett og slett destruktivt og farleg, og ein vert litt sett ut av funksjon når ein er ute for noko slikt. Difor trur vi at denne temakvelden er noko alle og ein kvar vil ha nytte av, for det er så viktig med åpenheit rundt temaet, og at folk støttar kvarandre.
Både biblioteksjef Skjeggestad og Bygdekvinnelagsleiar Mogstad gler seg til arrangementet.
– Vi er veldig glade for dette arrangementet, og ønskjer alle initiativ til aktivitet i lokala våre velkommen. Dersom folk har lyst til å arrangere noko hos oss, stiller vi gjerne lokala til disposisjon, og kan og bidra med marknadsføring, seier Skjeggestad, som får ros av Mogstad:
– All ære til biblioteket, for kjempegod hjelp. Dette blir bra!
Arrangementet 24. september er gratis, og det blir enkel servering.
Ønskjer seg fleire medlemmar
Surnadal Bygdekvinnelag tel i skrivande stund 12 medlemmar, og håpar at dei med arrangement som det dei steller i stand 24. september kan få fleire til å ville vere med.
– Vi ønskjer oss fleire medlemmar, og alle er velkomne – om dei er 30 eller 70 år, seier Mogstad, og fortel at bygdekvinnelaget driv med mange forskjellige aktivitetar i løpet av eit år.
Dei har fast oppdrag med å smøre mat til Bondelaget sine arrangement, og dei var mellom anna med då det nyleg vart arrangert Åpen Gård på Fugelsøya.
– I tillegg er vi med når Bygdeungdomslaget har store arrangement, og vi driv med trivselstiltak på sjukeheimen. Vi arrangerer og temadagar på museet og foredrag som det vi skal ha om eit par veker. Vi er og åpne for nye tankar og idear frå eventuelle nye medlemmer.
Medlemmane er i all hovudsak frå Øye skulekrets, i og med at både Åsskard og Øvre Surnadal har eigne lokallag.
– Vi har som mål å skape aktivitet, og vere med på det som skjer. Så vi håpar fleire har lyst til å vere med.
(Ingressfoto: Anne Skjeggestad og Anne-Sissel Mogstad)