ole bævre hovedbilde

Ole Bævre ny keepertrenar for KBK-rekruttane:

– Ein sjanse eg måtte ta

Ole Bævre frå Surnadal har signert kontrakt med Eliteserie-klubben Kristiansund BK, og får ansvaret for KBK sine gute-, junior- og rekruttmålvakter.

Dei siste fem åra har Ole Bævre vore keepertrenar i Surnadal Idrettslag, med arbeidsoppgåver både inn mot seniorlaga og yngre målvakter.

Torsdag tok han det som må kunne seiast å vere eit steg opp. Då signerte han nemleg ein eittårskontrakt med Kristiansund BK, som keepertrenar for keeperane til KBK 2, G18 og G16.

– Det er veldig artig å få mulegheita til å bli ein del av eit så proft opplegg, og berre det å bli tilsett i ein Eliteserieklubb, sjølv om dette på ingen måte blir hovudjobben min, er jo ganske artig, seier Bævre.

– Eg fekk ein telefon i desember, med spørsmål om eg var interessert i å bidra på keepersida i KBK. Dei må ha snakka med nokon som har snakka fint om meg, for dei hadde gode referansar frå fleire hald, fortel Bævre, som ba om jula til å tenke på saka.

– Konklusjonen var at dette rett og slett er ein sjanse eg må ta, og det passar ypperleg med tanke på arbeidssituasjonen min. Tanken er nemleg at eg hovudsakeleg skal bidra i vekedagane, og ha fri i helgene.
 

– Gler meg veldig

Bævre pendlar til jobben som kontorleiar i NorConsult si avdeling i Kristiansund. No ser han fram til si første trening med KBK-keeperane førstkommande måndag.

– Eg gler meg veldig, for eg tykkjer det er så artig å halde på med dette. Slik var det i Surnadal IL og, eg gleda meg til kvar einaste økt, seier Bævre.

Han er topp motivert for oppgåvene som no ventar i ballbyen.

– Motivasjonen min er rett og slett å kunne bidra med noko på eit felt der du føler du har kompetanse og kunnskap. Det er stas å sjå glade ungdommar, som tek til seg det du prøvar å lære dei. Å sjå gleda deira gjev meg motivasjon.

– Når ein gledar andre, gledar ein og seg sjølv, er det vel noko som heiter, seier han med eit smil.

I tillegg, fortel Bævre, ligg det ei klar målsetting i botnen, både for han og KBK, om å utvikle målvakter som kan nå A-laget der.

ole bævre 2.jpg
Ole Bævre har, med 111 A-kampar og fem år som keepertrenar, sterke band til Surnadal IL og Syltøran. No er han klar for nye utfordringar - i Eliteserieklubben Kristiansund BK.


Finn stor inspirasjon i utvikling

Med tilsettinga i Nordmøres leiande fotballklubb er nemleg Bævre kommen inn i toppfotballen, og utviklinga av spelarar til A-laget er difor ei viktig oppgåve, naturleg nok.

– Eg har ansvaret for målvaktene under førstelagsnivå, og er då ansvarleg for dei både når det gjeld trening, utvikling og oppfølgjing. Målet er at ein av desse keeperane skal nå eit så høgt nivå at han minst kan vere tredjekeeper på A-laget, seier Bævre.

Han finn stor inspirasjon i det å skulle vere med og utvikle spelarar så mykje at dei forhåpentlegvis nærmar seg førstelaget.

Per i dag er det fem målvakter i spelarstallane Bævre har ansvar for. Blant dei er surnadaling og tidlegare Surnadal- og Søya-spelar Torstein Snekvik.
 

Signerte eittårskontrakt

Ole Bævre skal etter planen bidra på to til tre treningar kvar veke, og han fortel at kontrakten han har signert har ei varigheit på eitt år.

– Det var noko eg sjølv ønska, og det handlar i første rekkje om at eg må sjå om eg trivst med dette. Samtidig er eg klar over at eg no skal vise KBK at eg fortener denne sjansen, og kva eg står for. Med ei ei eittårskontrakt får vi vurdert kvarandre.

Bævre skal, saman med hovudtrenarane på dei ulike laga bak A-laget, vere med på å vurdere spelarane. Gjennom eit utviklingshjul KBK opererer med, skal Bævre og dei andre sørgje for at alle utviklar seg til det betre på alle område, fortel han.  

Magne Hoseth skal fungere som mellomledd mellom A-laget og dei andre laga.
 

–​ Kjem til å sakne SIL-miljøet

Ole Bævre fortel at han kjem til å sakne den nære kontakten med fotballmiljøet i heimbygda, sjølv om han nok blir å sjå på Syltøran og i 2019.

– Eg har hatt regelmessig kontakt med så mange trivelege spelarar og andre personar i fotballmiljøet i Surnadal dei siste fem åra, og det å miste den er det einaste som er litt negativt med dette, seier keepertrenaren, før han fortar seg å legge til:

– Men eg har på ingen måte tenkt å kutte ut det miljøet, altså.

Med keepertrenarjobben i KBK kjem Bævre inn i eit system som, naturleg nok, er proffare enn i Surnadal. Det kan vere med på å gjere hans eigen rolle litt annleis, trur han.

– Eg må kanskje bidra på fleire område enn eg gjorde i Surnadal, og ta meir hensyn til ein meir profesjonell klubbkvardag. Samtidig trur eg det vi har gjort i Surnadal har vore bra.

57-åringen tok NFF sin B-lisens for keepertrenarar i 2016, og er glad for å få halde fram med å utvikle ivrige målvakter.

– Det er keeperar eg likar å halde på med, og det eg meiner eg kan noko om. Eg ser for meg at eg på sjølve keepertreningsbiten nok kan gjere ganske mykje av det same som i Surnadal. I tillegg er det dyktige ressurspersonar i og rundt KBK-miljøet eg kan lære meir av, seier Bævre.
 

ole bævre 3.jpg
Det skal ikkje stå på utstyret når Ole Bævre stiller på si første KBK-trening førstkommande måndag. Her viser han fram den spesiallaga keeperhanskebagen sin. Den var ei gåve frå ein svigerson, fortel han.
 

Vil involvere spelarane

Han er sjølv tidlegare keeper, Ole, med 111 A-kampar for Surnadal IL. Sonen Håkon vakta og buret til Surnadal sitt A-lag i fleire år, så det er ikkje tilfeldig at det er nettopp utvikling av keeperar som ligg Ole sitt hjerte nærast.

– Motivasjonen min starta vel då Håkon starta å spele fotball, og eg tok ein del treningar for 1984-årgangen til Surnadal. Rundt då Håkon starta med ungdomsfotball tok eg pause, slik at han skulle sleppe å ha far sin som trenar, seier Bævre.

Han var ikkje tung å be då han fikk spørsmål om å bli keepertrenar for fem år sidan.

– Det passa godt å komme tilbake då. Eller, lysta var nok større enn at det faktisk passa godt, men eg tilpassa det slik at eg fekk det til. Så lyst hadde eg, ler Ole.

Han fortel at han er oppteken av at keeperane han har ansvaret for får god oppfølging, og at dei blir involvert i sin eigen treningskvardag.

– Det er berre ein plass mellom stengene, difor er kommunikasjon og oppfølging ekstra viktig for målvakter. Eg prøvar å ha fokus på å halde motivasjonen til alle, også dei keeperane som sit på benken, oppe, seier han, og fortsett:

– Eg er oppteken av at ein skal ha skikkelege treningar med full innsats, og samtidig ein ærleg og god dialog undervegs. Spelarane kan komme med innspel dersom det er noko dei meiner burde vore gjort annleis, dei må vere involverte i opplegget.
 

Møter Surnadal

Kristiansund BK sitt andrelag skal i 2019 møte Surnadal i 4. divisjon for menn. Sjølv om Bævre i utgangspunktet skal ha fri i helgane og ikkje kampansvar, kjem han til å møte på kamp når han kan. Å eventuelt skulle vere på bortelaget sin benk på Syltøran, blir spesielt.

– Ein må berre vere profesjonell, er det ikkje det det heiter?

Ole ler, før han utdjupar:

– Det blir ein uvant situasjon, men ein må gjere det ein er der for å gjere. Men eg er framleis medlem av Surnadal IL, altså, og det skal eg fortsette med å vere. Plutseleg dukkar eg opp på ei økt eller to der og, men i utgangspunktet gler eg meg til å ha fri i helgane.

– Den tida er god å bruke privat, saman med familien, særleg sidan eg er i Kristiansund resten av veka, seier Bævre.

På privaten er Ole Bævre og kjend som ein ihuga Molde FK-supportar. Sjølv om han no er tilsett i naborivalen KBK kjem ikkje det til å endre seg, seier han.

– Eg har fått ein del spørsmål om det, faktisk. Men svaret mitt er enkelt. Leeds og Molde er alltid med, dei byttar eg aldri ut, seier Ole og gliser breitt.