sil-brød 1

– Ein folkeaksjon for idretten

I løpet av neste veke er det nye Surnadal IL-brødet, "SIL-brødet", venta i sal hos daglegvarebutikkane i Surnadal sentrum. Samarbeidet mellom idrettslaget, Johansen Bakeri, Surnadal Sparebank og Amfi Kreativ gjev idrettslaget 1,50 kroner per brød.

I slutten av november i fjor tok Arne Johansen hos Johansen Bakeri første initiativ til å få på laga eit Surnadal IL-brød, slik dei i 10-12 år har baka Sunndal Fotball-brød på Sunndalsøra. 

Surnadal IL likte ideen frå første stund, og no er det rykande ferske "SIL-brødet" klart til å verte lansert.

SIL-brødet, som har undertittelen "Grovkak", kan skilte med 57% på grovheitsskalaen, og vert i sal både hos Bunnpris, Coop Extra, Kiwi og Rema 1000 i sentrum av Surnadal.

– Eksakt dato for lansering er ikkje klar, men vi satsar på å få det ut til butikkane så fort som råd, truleg i løpet av neste veke. Vi har stor tru på dette konseptet, og trur kundane vil støtte opp om dette, seier Arne Johansen, og legg til:

– Kjøper ein dette brødet støttar ein idrettslaget, samtidig som ein får det ferskaste brødet i butikken. Vi er både mindre enn storbakeria og ligg nærare, så SIL-brødet vert det aller ferskaste brødet i butikken når det kjem til sals.

– SIL-brødet vert både kortreist og miljøvenleg, og i tillegg var det eit poeng for oss i idrettslaget at det er grovt og mettande, i og med at det er eit idrettsbrød, seier Sondre Ormset, dagleg leiar i Surnadal IL.

Han fortel at både hovudstyret og valkomiteen i idrettslaget har vore involvert i prosessen med brødet. Det same har generalsponsor for Surnadal IL, Surnadal Sparebank, og Amfi Kreativ. Generalsponsoren dekkjer kostnadene for brødposen, medan Amfi Kreativ har stått for designet.

– Det å ha sterke lokale aktørar med på prosjektet gjer det ekstra artig. Det handlar om å spele kvarandre gode, seier Ormset.

– Det er stas for oss å få dette oppdraget. Med designet på brødposen, der dei fire største gruppene i Surnadal IL alle er avbilda, har vi prøvd å få med mangfaldet til idrettslaget. Det føler vi at vi har fått til, seier Stig Husby i Amfi Kreativ.

Han får støtte av marknadssjef Liv Dalsegg i Surnadal Sparebank.

– Dette er eit veldig godt initiativ, alt som gjev pengar til idretten er positivt. Eg tykkjer og designet er veldig fint, og det er flott at det er snakk om "grovkak". No er det berre om å gjere at folk kjøper brødet og støttar opp, seier ho, og legg til:

– Dette blir ein folkeaksjon for idrett.

Arne Johansen fortel at Johansen Bakeri sel om lag 20 000 brød på Sunndalsøra, der Sunndal Fotball sit att med ei krone per brød. Han meiner det ikkje finst nokon grunn til at det nye SIL-brødet skal selje mindre.

– Vi håpar på minst 15 000 og kanskje opp mot 25 000 selde brød i året, og for oss er dette ei god mulegheit for oss. Brødmarknaden er vanskeleg å kome seg inn på, og dette er det første av våre brød som er til sals i daglegvarebutikkane i Surnadal. Når det no blir tilgjengeleg i fire ulike butikkar blir det lett å få tak i for folk, seier han.

– For meg blir det veldig greitt å velje brød framover, og det trur eg vil gjelde ganske mange surnadalingar, smilar Sondre Ormset.

sil-brød 2.JPG
Sondre Ormset (f.v.) frå Surnadal IL, Liv Dalsegg frå Surnadal Sparebank, Stig Husby frå Amfi Kreativ og Arne Johansen frå Johansen Bakeri gler seg til SIL-brødet kjem i butikkane.

sil-brød 3.JPG
Dagleg leiar Sondre Ormset i Surnadal IL testar ut det nye SIL-brødet, som er venta i butikkane i løpet av neste veke.