Picasa

- Eg gjorde det på min måte

Fungerende Ytelsesdirektør. Einkvan i det såkalla Nav-systemet har denne jobben. Tenkte seg til å ha ei så raus stilling?! Mesta som Gud sjølv, vil me meine. Det var berre det at Gud ikkje er fungerande i tydinga inntil vidare. Direktør er han heller ikkje. Derimot er Gud Ytelse ned til den miste celle. Dette er Guds vis når han gjer oss det me mest av alt treng. Juledagspreika frå gudstenesta i kapellet les du nedafor!

 

Postludiet ble framført av sangere og flytist fra familien Jensvod i lag med kantor Daniel Bjørlo på orgel

Fleire bilde under preika.

 

 

1.juledag 2013. Øvre Rindal kapell.

 

Fungerende ytelsesdirektør. Når Nav skal ha folk tilsett, skal det ikkje mangle på tittel. Og akkurat denne tittelen, fanga opp frå ei nyheitssending nyleg, syns eg var ein generøst flott tittel. Tenk å vera fungerande ytelsesdirektør! Berre tittelen har noko generøst og raust over seg.

 

Men også Nav har sine rammer og sine begrensningar. Sjølv ikkje ytelsesdirektøren kan drysse ut pengar ut over det som er bestemt og bevilga.

 

Eg hadde nær sagt: … men det kan Gud! Gud som fungerande ytelsesdirektør – kvifor ikkje? Fordi tittelen blir for liten for Gud. Gud er ikkje fungerande inntil den eigentlege kjem i tale. Gud er heller ikkje direktør for eit begrensa område – sjølv om me meiner at det vore praktisk å bedrive grensesetjing overfor Gud.

 

Plukkar me av fungerande og direktør, står me att med ytelse. Der er Gud. På sitt mest ubegrensa, einsidige og rause.

 

Me står og syng høgtidsverset for juledag, nr. 47.

 

 

 

Ordet ble menneske
I begynnelsen var Ordet.
Ordet var hos Gud,
og Ordet var Gud.
Han var i begynnelsen hos Gud.

Alt er blitt til ved ham,
uten ham er ikke noe blitt til.

Det som ble til i ham, var liv,
og livet var menneskenes lys.

Lyset skinner i mørket,
og mørket har ikke overvunnet det.

Et menneske sto fram, utsendt av Gud. Navnet hans var Johannes. Han kom for å vitne. Han skulle vitne om lyset, så alle skulle komme til tro ved ham. Selv var han ikke lyset, men han skulle vitne om lyset.

Det sanne lys, som lyser for hvert menneske, kom nå til verden.
 

Han var i verden,
og verden er blitt til ved ham,
men verden kjente ham ikke.

Han kom til sitt eget,
og hans egne tok ikke imot ham.

Men alle som tok imot ham,
dem ga han rett til å bli Guds barn,
de som tror på hans navn.

De er ikke født av kjøtt og blod,
ikke av menneskers vilje
og ikke av manns vilje,
men av Gud.

Og Ordet ble menneske
og tok bolig iblant oss,
og vi så hans herlighet,
en herlighet som den enbårne Sønn
har fra sin Far,
full av nåde og sannhet.

 

 

Plikta er sur og tung. Plikta er det me må vera eller det me må gjera. Plikta kan vera uttalt, men vèl så ofte er den følt som eit signal frå einkvan som vil ha noko av oss.

 

Eg føler at mor vil at eg skal koma heim og vaske rundt huset. Eg føler at eg må skrive julebrev til alt for mange eg har lite med å gjera. Eg føler at eg må stille der og der så det blir folk på møtet.

 

Me veit så vel kva plikta kan gå ut på og kva fylgjer det får om me ikkje handlar deretter: Me får så dårleg samvittigheit! Dårleg samvittigheit for at me ikkje orkar eller vil stille opp på alt me føler at me skulle. Plikta har ein nær slektning som heiter for loven.

 

I motsetning til evangeliet, slik det er lese for oss gjennom rettigheita. Rettigheita er det motsette av plikta: Me har rett til å takke ja eller avslå med eit høfleg og bestemt nei. Me har rett til å beskytte oss. Me har fridom som rettigheit. Me har rett på lønna me har krav på. Og me har faktisk også rett på arv, slik grovt sett.

 

Kvar kjem Jesus oppi dette? Kjem Jesus som eit krav eller som ei rettigheit?

 

Ikkje sjeldan kjem eg borti folk som ser på frelsa som ein rettigheit. Frelsa er noko me skal ha, noko me har krav på. Særleg om me kan påberope oss å ha ein noko lunde oppegåande moral. Nokon vil også meine at det å vera snill – kva no enn det er?! – skal føre med seg ein frelses-rettigheit.

 

Frelsa er noko Gud er pliktig til å gje oss, uavhengig av om me vil ha den og leva deretter – eller om me ikkje vil ha den og døy deretter.

 

Men kven kan rå med Gud og gjera han til ytelsesdirektør på våre premissar?

 

Ordet var før alt anna. Ordet var hos Gud og Ordet var Gud.

 

Han kjem til sine eigne, men der er det for trongt. Hans eigne tek ikkje imot han. Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å bli Guds barn.

 

Der har me det: Frelsa er ein rettigheit. Frelsa er vår rettigheit når me tek imot Jesus og benyttar oss av retten til å bli Guds barn.

 

Dårskap for dei som ikkje vil tru, og Guds kraft til frelse for oss som trur. Det er Jesus det, i ein og same person.

 

Foreldrejuss er vanskelege saker. Har me med slike ting å gjera, blir det spørsmål om borna skal bu hjå mor eller far, kor mykje dei skal bu på kvar plass, eller om fosterheim er eit betre alternativ.

 

Det fell ganske naturleg for dei fleste foreldre å kjempe om foreldreretten gjennom kvart einaste barnevernkontor og kvar bidige rettssak-instans.

 

Har Gud nokon foreldrerettigheit overfor oss? Vel vart me skapte i hans bilete, men korleis gjekk det sidan?

 

Gud gjer alt som står i hans makt for å gje oss barnerett. Alle som tok imot Jesus, gav han rett til å bli Guds born.

 

Så får me ta imot Jesus, då. Gje rom for Jesus både i jula og elles i året. Og så la det sige inn, dette store og kostelege:

 

Gud kjem til verda. Han let seg bli født av Maria. Han let seg avvise, håne, korsfeste og drepa. Han er lyset som overvinner mørke og dødsrike. Gud let det skje for at me skulle få rettigheita å kalle oss Guds born. Ein ytelse så stor at det kostar alt inntil siste celle.

 

Evangeliet er det største Gud kunne gje oss. Så er det òg det største me kunne få.  

 

Signa julehelg! 

 

Postludiet

 

Lars Øyvind og Runar Jensvold song duett akkompagnert av kantor Daniel Bjørlo