– Dette burde fleire høyrt
Torsdag gjennomførte politiet i Surnadal andre del av «Delbart?», med foreldregruppa ved Surnadal ungdomsskule som inviterte deltakarar. – Eit utruleg godt opplegg om eit kjempeviktig tema, seier leiar i FAU, Oddvar Mikkelsen.
"Delbart?" er eit nyutvikla undervisningsopplegg politiet held for å førebyggje deling av seksualiserte bilete og videoar på nett.
Torsdag kveld var det foreldra til ungdomsskuleelevane Helge Berg heldt opplegget for. "Delbart?" er laga av Kripos.
Berg peika på tre typar nettkriminalitet som går att i saker som vert anmeldt.
– Den eine typen er godt vaksne menn, som er inne på spel-appar eller snapchat, og utgjev seg sjølve for å vere ein annan. Dei brukar desse appane til å lure til seg seksualiserte bilete.
Anonym mobbing er den andre av dei tre typane, og den går gjerne føre seg via appar som Jodel eller liknande.
– Vi ser at hyppigheita av denne typen nettkriminalitet går i bølger. Eg kan ikkje sjå at dei appane der folk kan snakke anonymt fører noko godt med seg, seier Berg.
Den tredje typen, som "Delbart?" i all hovudsak handlar om, handlar om heilt vanlege ungdommar, som sender seksualiserte bilete til kvarandre.
Dei om lag 20 oppmøtte foreldra fekk sjå dei same videsnuttane som elevane såg på måndag, og etter kvar snutt fekk dei presentert elevane sine svar på ulike spørsmål om lover og reglar.
– Dette er verkeleg eit utruleg godt opplegg, om eit kjempeviktig tema, seier leiar i FAU, Oddvar Mikkelsen, og legg til:
– Det er frykteleg synd at ikkje langt fleire møter opp for å delta. Dette burde fleire høyrt, seier leiar i FAU, Oddvar Mikkelsen, medan Helge Berg seier seg einig.
Ikkje så vanleg som ungdommar trur
Eitt av mange viktige poeng i gjennomgangen var at ungdom, og i Surnadal, trur at det å sende seksualiserte bilete er mykje vanlegare enn det faktisk er.
På spørsmålet om kor mange ungdommar i alderen 13-18 år ungdomsskuleelvane trudde hadde sendt bilete av denne typen i løpet av det siste året, svara nesten halvparten, 45 prosent, at dei trudde 42 prosent har gjort det.
I tillegg svara 17 prosent at dei trudde 71 av 100 ungdommar har sendt seksualiserte bilete i løpet av det siste året.
Fasiten, ifølgje Medietilsynet, er 13 prosent, altså langt lågare enn det 62 prosent av elevane trur. 34 prosent av elevane ved Surnadal ungdomsskule gav dette svaret på undersøkinga.
– Grunnen til at folk trur at talet er høgare, er kanskje at det ofte ryktast veldig fort blant ungdommar når nokon har sendt eit seksualisert bilete av seg sjølv, seier Berg, og fortsett resonnementet:
– Dermed blir det raskt kjent i ungdomsmiljøet at dette skjer, og ungdommane dannar seg då fort eit bilete av at det å sende seksualiserte bilete er «vanleg».
– Skremmande verkelegheit
Berg fortalte at hovudmålet med opplegget var fleirdelt.
– Eitt poeng er at vi vil gjere folk merksame på at dersom eit bilete blir delt mot deira vilje, må dei raskt ta kontakt med vaksenpersonar ein stolar på.
– Og har ein vorte pressa til å sende seksualiserte bilete, er det viktig at ein tek skjermbilete av meldingane som har vorte sendt fram og tilbake, sidan dette kan hjelpe politiet i etterforskinga.
Filmsnuttane i «Delbart?» handlar om 15 år gamle «Kaisa», og er basert på reelle hendingar.
– Dette er skremmande saker, for dette er slik verkelegheita er i dag. Denne typen saker kan skje kvar som helst, når som helst, seier Berg.
Han lufta med foreldregruppa om dei trudde det vil ha noko for seg å gjennomføre undervisningsopplegget og i mellomtrinnet, frå 5.-7. klasse.
Tilbakemeldingane frå ein del foreldre i salen var eit klart og tydeleg «Ja», og oppmoding om å involvere både barna og foreldregruppa også for desse skuletrinna.
– Vi i FAU kjem nok til å ta kontakt med mellomtrinnet for å anbefale dei å gjennomføre «Delbart?», seier Mikkelsen.
Om lag 20 foreldre hadde teke turen til Surnadal ungdomsskule for å delta i undervisningsopplegget "Delbart?", som er laga for å førebygge deling av seksualiserte bilete på Internett.