- Det var godt å bli ferdig

- Det var ei tid det også, sa Eirik Landsem, om fjøsbygginga han og Birgitte Kattem gjennomførte frå november 2016 til hausten 2017, - men det var godt å bli ferdig!

IMGP2641.JPG

Tirsdag var dei vertskap for Fjøsdag for Rindal Produsentlag etter at dei som eigentleg skulle ta imot produsentane hadde nok med å tine vatnet som hadde frose i fjøset i natt.

IMGP2627.JPG

Kattemgarden ligg oppe i Romundstadbygda, og hausten 2016 vart det bestemt at dei skulle bygge nytt fjøs. Dei hadde da buskap i to fjøs.

IMGP2658.JPG
Slik ser du det nye fjøset på Kattem når du kjører nedover Romundstadbygda.

IMGP2656.JPG

Tomta vart grave i november og anbudsrunde avslutta til påske 2017. Det var mykje arbeid med planering av tomt både til fjøs og gjødselkum. Onsdag etter påske var tomta klar, og same veka begynte støypinga.

Steinar Myhre AS var byggansvarleg. Steinar valde å sette bort mesta alt byggearbeidet og leidde byggeleiar. Alle følgde planane så bygginga gjekk strykande.

Sommaren 2017 fortalde Birgitte at ho hadde «målingsferie». Saman med sønene måla ho heile fjøset tre strøk. Vi merka oss fargen på veggene inne i fjøset, lyseraudt, Birgitte vedkjente seg fargevalget.

IMGP2629.JPG
Utsikt frå kontoret.

Som dei andre nye fjøsa i distriktet, har dette fjøset all den siste teknologien, men dei 25 – 30 besøkande denne dagen var det mange som studerte løysingane i dette fjøset. Somme hadde sikkert byggeplanar sjølve.

IMGP2650.JPG
Skraperoboten sørger for at spaltegolvet blir reint.

I tankrommet var det varmevekslar som utnytta varmen som blir frigjort under nedkjøling av mjølka til å varme opp «folkromma» - kontor, toalett o.l. ved hjelp av golvvarme. Varmevekslaren gir også varme til å temperere drikkevatnet til kyrne. Slik slepp kyrne å bruke energi for å varme opp kaldt drikkevatn.

Møkka under golvspaltene blir omrørt slik at den blandar seg godt og kan flyte ned i den store utvendige gjødselkummen.

IMGP2654.JPG

Nyfjøset har plass til rundt 100 dyr. No var det 93 dyr med stort og smått. Kalvane blir selde etter 3-4 månader.

IMGP2643.JPG
Filliokus med fleire i kalvebingen!

IMGP2655.JPG
Birgitte Kattem med den yngste besøkande og den yngste kalven. Vesle Astrid var forresten på Fjøsdag i fjor vår også!

Det er 36 mjølkekyr i fjøset no. Kvoten er 350 tonn, noko som tilseier at dei kan produsere ca 1000 kg mjølk pr døgn. Kyrne blir mjølka 3,1 gonger pr døgn, fortel datamaskina på kontoret. Det vart ein fin auke i mjølkemengda i det nye fjøset.

IMGP2636.JPG
Ledaren i Produsentlaget, Ingrid Løfaldli, var godt fornøgd med frammøtet denne kalde februardagen. Skoffkak og brød frå Hæmstelt gjekk unna, og praten produsentane mellom gjekk livleg.

IMGP2642.JPG

Det var lyst og triveleg inne i det nye fjøset, og her ser du den fine raudfargen som Birgitte valgte.

IMGP2648.JPG

IMGP2632.JPG
Fjøseigarane fekk overrakt stor fjøsklokke frå Tine.