Atle Norli mars 2020 3 2000px

– Det største i Surnadal Transport si historie

I mars vart det kjent at Surnadal Transport er del av ei gruppe som kjøper 70 prosent av aksjane i Toten Transport. I desse dagar skjer sluttforhandlingane, som skal føre til det dagleg leiar Atle Norli omtalar som det største som har skjedd Surnadal Transport.

Ingressfoto: Atle Norli og Surnadal Transport er del av ei kjøpargruppe som kjøper 70 prosent av Toten Transport - eit firma med ei omsetning på rundt 800 millionar kroner.

Vi startar med å spole eit par månader tilbake, til måndag 9. mars. Tre små dagar før regjeringa iverksette det statsminister Erna Solberg kalla dei mest inngripande tiltaka i Noreg i fredstid.

Då kom gladnyheita om at Surnadal Transport AS, saman med Litra AS, LRN Transport AS og Gausdal Landhandleri, kjøper 70 prosent av aksjane i Toten Transport AS.

Dagleg leiar Atle Norli slo fast at dette var eit viktig skritt for å styrke Surnadal Transport sin posisjon både lokalt og nasjonalt, og ser ein på den nye grupperinga i reine tal, er det lett å la seg imponere:

Gjennom den nye eigarsamanslutninga vil nemleg Surnadal Transport ta del i ei gruppering som saman vil disponere meir enn 850 bilar, direkte og indirekte sysselsette over 1400 tilsette og ha ei omsetning på opp mot 2,4 milliardar kroner.

Intensjonsavtalen vart signert i mars, før koronapandemien sette oppkjøpet, som så mykje anna, litt på vent. Denne veka er det klart for sluttforhandlingar.

– For oss er dette veldig stort. Oppkjøpet gjev langsiktige, gode verknader, og alle - både hos oss og hos Toten Transport - ser nødvendigheita av avtalen. Dette er det største som har skjedd i Surnadal Transport si historie, seier Norli, og legg til:

– All honnør til alle som står bak oss, både tilsette og eigarar, som har tru på ei lokal transportnæring, og bidreg til at vi i Surnadal får til dette.

Norli vil ikkje ut med totalprisen for oppkjøpet, men innrømmer at det er snakk om betydelege summar.

Surnadal Transport har sjølv ei konsernomsetning på opp mot 400 millionar kroner, og sysselsett direkte og indrekte over 130 årsverk. Bilflåten er på 110 bilar. Det gjer dei til eitt av dei største, privateigde transportselskapa i Midt-Noreg.

1. mai i fjor vart Surnadal Transportpartner og Surnadal Transport slått saman i ein fusjon, og med i konsernet er dotterselskapa Dybvad Transport og Surnadal Lastebilverksted. I tillegg er Surnadal Transport medeigar i Trondheimsterminalen.

Atle Norli er klar på at det er viktig for bedrifta å profilere heimkommunen.

– Vi brukar Surnadal-navnet bevisst, det står Surnadal Transport over heile bilane våre når vi køyrer rundt i heile landet. Det er få andre som profilerer kommunenavnet slik vi gjer.

sutra_690x920.jpg
Surnadal Transports logo er godt synlig på alle firmaets biler, og profilerer Surnadal rundt omkring i hele landet.

Ny konstellasjon står bak

Bakgrunnen for at Surnadal Transport no er med i gruppa som kjøper opp Toten Transport, er at Toten Transport i fjor haust vart lagt ut for salg.

Då kom Surnadal Transport tidleg på bana, saman med nokre nære samarbeidspartnarar. Norli fortel at nokre har falt frå på vegen mot ein avtale, og at konstellasjonen med Surnadal Transport, Litra AS, LRN Transport AS og Gausdal Landhandleri er ny.

– Konstellasjonen er basert på personlege relasjonar, og vi har over mange år samarbeidd med både Toten Transport og LRN. Og Litra, som er ein av dei desidert største, norske transportaktørane, er i samarbeid med Gausdal Landhandleri. Kjøpargruppa, som den framstår i dag, har ein veldig styrke innan kvart sitt felt, seier Norli.

Han fortel at han trur det var det som gjorde det interessant for Toten Transport å gå vidare med salet.

Toten Transport er i seg sjølv eit stort transportselskap, med omsetning på 800 millionar kroner, 250 bilar og 150 tilsette. Dei er etablert både i Skandinavia og Estland, Latvia og Litauen, og har eigne kontor der.

toten transport.jpg
Surnadal Transport er ein del av gruppa som no kjøper 70 prosent av aksjane i velkjende Toten Transport (Biletet er henta frå Toten Transport sine Facebook-sider, med tillating frå firmaet).

Del av ein bevisst strategi

Norli fortel at det å vere med på oppkjøp av ein slik betydeleg aktør, er ein naturleg del av Surnadal Transport sin strategi.

– Det er nødvendig for ei bedrift som oss, her i Surnadal, å vere med nasjonalt, og på den måten ta del i utviklinga i bransjen vår. Vi har ein klar strategi om å vekse, både organisk og gjennom oppkjøp og nye konstellasjonar, seier Surnadal Transport-sjefen.

Sidan transportnæringa er ein lågmarginal bransje, er det å ha eit stort volum viktig for å kunne vere lønnsame. Difor ser Atle Norli og Surnadal Transport heile tida etter løysingar for å høyre til større konstellasjonar.

– Det at Surnadal Transport er aktive både lokalt og nasjonalt, trur eg er med på å gjere oss meir attraktive for lokalt næringsliv. Vi får ein heilt annan soliditet gjennom slike konstellasjonar, seier han.

Eitt av måla til kjøpargruppa, som no kjøper 70 prosent av aksjane i Toten Transport, er å demme opp for store, utanlandske transportselskap.

Norli vil ikkje ut med totalprisen for oppkjøpet, men innrømmer at det er snakk om betydelege summar.

– Det at vi er med på dette oppkjøpet, gjer oss til eit veldig attraktivt tilbod for norske leverandørar. Vi vil aldri klare å konkurrere med dei utanlandske selskapa på lønnsnivå, så vi må levere betre kvalitet. Det er det store konkurransefortrinnet vi har, og gjennom slike samarbeid vil vi vere i stand til å tilby norske kundar ei betre transportløysing, seier han.
 

Vil dra stor nytte av samarbeid

Det siste året har utviklinga i den norske transportmarknaden gått vekk frå «transportshoppinga» der ein tek eit lass her og eit lass der, og meir mot fleire og større langsiktige avtalar.

– Eg trur langsiktige avtalar gjer at ein får samarbeidet mellom transportaktørane og store industrikonsern til det beste for begge partar. Tidlegare var det meir fokus på lågast muleg pris, men no er det i større grad langsiktig planlegging, gode relasjonar og godt samarbeid som gjeld, seier Norli.

Han legg til:

– At kvaliteten og seriøsiteten til aktørane no vert lagt endå meir vekt på, ser vi positivt på. Med det høge, norske lønnsnivået vil vi nemleg aldri klare å vere billigast på alt. Totalt sett skal vi likevel vere best, og kundeopplevelsen skal vere best hos oss.

Toten Transport-avtalen vil gje Surnadal Transport mange fordeler, meiner Norli.

Han nemner mellom anna auka fyllingsgrad og redusert tomkøyring på lastebilane, som følgje av samkøyring av ruter, samt mulegheita til å hjelpe kvarandre i ytterkanten av kvart selskap sine geografiske ytterkantar.

– Dersom vi manglar bilar kan vi og utnytte Toten Transport sine bilar, og dei har og eit stort marknadsapparat vi vil få nytte og glede av. Alt i alt trur eg det vil gjere at vi kan tilby konkurransedyktige prisar, sjølv med norsk lønnsnivå.

Kjøpet av Toten Transport følgjer tre år etter at Surnadal Transport tok over eigarskapet av Dybvad Transport i Trondheim. Der eig dei no 60 prosent av aksjane.

– Vi må utvikle oss ut frå Surnadal, dette er knoppskyting. Ved å knytte til oss Dybvad Transport fekk vi feste i Trondheim, og det er ein klar strategi å få fotfeste på austlandet. Det får vi no, sidan Toten Transport har terminal på Raufoss og i Oslo. Med desse oppkjøpa veks vi litt ut av kommunen, og det er vi nødt til å gjere, seier Norli.

dybvad foto Thor Kristian Gustad.jpg
Surnadal Transport eier 60 prosent av Dybvad Transport fra Trondheim (Foto: Thor Kristian Gustad).
 

Vert lagt merke til

Han fortel at Surnadal Transport har fått frykteleg mange gratulasjonar frå transport-Noreg etter at nyheita om oppkjøpet vart kjend i starten av mars.

– Dette er ei kjempenyheit i transport-Noreg, at fleire norske transportørar går saman i eitt selskap og kjøper opp Toten Transport. Alternativet hadde jo vore utanlandske eigarar, og vi ønskjer å behalde norsk eigarskap, seier han, og legg til:

– Alle tilbakemeldingane vi har fått viser at folk legg merke til oss, og at Surnadal Transport held på å opparbeide seg eit sterkt namn og ein sterk merkevare på landsbasis.

For Norli sin del, handlar dette om å vere med på utviklinga.

– Vi veit at utviklinga går i retning av større og større aktørar, og for oss er det heilt tvingande nødvendig å vere med på slike oppkjøp for å henge med. Ved å vere så store som vi blir no, kan vi få billigare bilar og tenester inn, fordi vi får meir innkjøpsmakt.

– Det vil bileigarane i Surnadal Transport tene på, og det er positivt for både kundane, bileigarane, dei tilsette, lokalt næringsliv og surnadalssamfunnet å ha ein solid, stor transportør i ryggen, seier han, og smiler:

– Eg er så glad for at vi klarer dette, at vi er i stand til å vere med på denne typen oppkjøp. Ein er nødt til å vere i framkant av utviklinga for å overleve i ein såpass stram bransje som transport.

Grunnen til at avtalen gjeld 70 prosent av aksjane, og ikkje 100, er enkel. Kjøpargruppa sette som føresetnad for kjøpet at bileigarane i Toten Transport vart med vidare med 30 prosent eigarskap, for å sikre framleis tilstrekkeleg bilkapasitet i selskapet.

– Produksjonsmaskinene våre er ute på veien, så mistar ein dei, har ein ingenting. Det å ha nok bilar er utan tvil det viktigaste for å vekse og lykkast. Ved å gå inn i denne konstellasjonen, sikrar vi det.

Og tilbakemeldingane frå bileigarane der lovar godt for fortsettinga.

– Alle i Toten Transport blir med vidare, frå administrasjon til sjåførar. Dei har vore veldig positive til å få inn den nye kjøpargruppa på eigarsida, og ser store mulegheiter - akkurat som oss, smiler Norli.

Atle Norli mars 2020 1 690px.jpg
Atle Norli er glad for at Surnadal Transport har mulegheit til å vere med på denne typen oppkjøp, som knyttar bedrifta til viktige, norske transportørar.

 
Surnadal Transport er medlem av Trollheimsporten.